360-laboratoriet - Biologi 1 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

360-laboratoriet

Ta ein tur inn på 360-laboratoriet, og bli kjend med forskarane som jobbar her.

Arbeidsoppdrag

Institutt for biodesign ved Arizona State University i USA er eit stort forskingssenter der dei jobbar med å utvikle nye løysingar på globale utfordringar innan helse, berekraft og sikkerheit.

Du har blitt invitert til Versani-laboratoriet, som held til her, for å få eit innblikk i korleis det er å jobbe på eit laboratorium. Du har ein avtale med Ciara Harding, som forskar på virus hos ulike organismar.

Oppgåve 1

Beveg deg rundt i bygningen, og studer informasjonen som dukkar opp undervegs. Klarer du å finne fram til Versani-laboratoriet?

Klikk her for å starte 360-laboratoriet

Oppgåve 2

Møt forskar Ciara Harding.

  1. Høyr kva ho har å fortelje, ved å halde musepeikaren slik at du får opp teksten "Listen to Ciara". Viss du ønskjer tekstversjon, kan du sjå etter CC-ikonet. Kva forskar ho på?

  2. Kva organisme kan du sjå gjennom mikroskopet på Versani-laboratoriet? Kva kjenneteiknar denne organismen?

Oppgåve 3

Utforsk laboratoriet og instrumenta du finn her.

  1. Kva blir dei ulike instrumenta brukte til?

    • mikroskop

    • ultrasentrifuge

    • pipette

    • gel-elektroforese

    • frysar

    • inkubator

    • bunsenbrennar

    • mikrosentrifugerøyr

    • sterilbenk for cellekulturar

  2. Kvifor er det nyttig å skrive notat undervegs når du jobbar med eit forsøk?

  3. Kva faresymbol finn du på laboratoriet?

Oppgåve 4

  1. Ved å bevege deg rundt kan du prate med Simona, Joy, Savage, Junior og Arvind og høyre kva dei jobbar med.

  2. Kunne du tenkje deg å jobbe på eit slikt laboratorium? Kva ville du studert?

Korleis bruker du 360-laboratoriet?

Klikk på ikona for å navigere deg rundt og få nyttig informasjon undervegs.

I menyfeltet kan du zoome deg inn og ut. Du kan òg slå på autonavigering, som gir deg 360-graders utsikt frå punktet der du står.

360-laboratoriet inneheld både tekstinformasjon, lydklipp og videosnuttar. Alle lydklippa er teksta (sjå etter CC-merket for å få tekstversjon).

Kjelde

Dr. Biology. (2018, 19. januar). Virtual Reality Tours of Biology. ASU, Ask A Biologist. Henta 23. mars 2022 frå https://askabiologist.asu.edu/games-and-simulations/virtual-reality-tours-biology

Skrive av Camilla Øvstebø.
Sist fagleg oppdatert 18.03.2022