Forskingsoppgåve om raudåte - Biologi 1 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Forskingsoppgåve om raudåte

I denne forskingsoppgåva om eggleggingsforsøk med raudåte skal du samanlikne resultat frå fleire forskingsstasjonar i havet mellom Noreg og Island. Du skal leite etter tendensar og prøve å finne ei sannsynleg forklaring på skilnadene i produksjon mellom dei fire målestasjonane.

Forskingsoppgåve om egglegging i ulike miljø

Denne oppgåva handlar om nøkkelarten raudåte (Calanus finmarchicus) og variasjon i egglegging på ulike forskingsstasjonar i Norskehavet mellom Noreg og Island.

Du skal prøve å finne ein tendens i resultata og ei sannsynleg forklaring på måleresultata frå dei fire målestasjonane når det gjeld egglegginga til raudåta.

  1. Studer bakgrunnsmaterialet Krepsdyret Raudåte – ein nøkkelart, og sjå filmen om eggleggingsforsøket. (Desse finn du blant ressursane nedanfor.)

  2. Studer kartet og snitta av vassmassar. Kva betyr fargekodane?

  3. Analyser resultata frå eggleggingsforsøka, og sjå etter tendensar.

  4. Kan du sjå nokon tendensar og samanhengar? Forklar kvifor resultata er slik.

Ressursar til hjelp

Relatert innhald

Fagstoff
Eggleggingsforsøk med raudåte

Denne videoen viser forsking på egglegging hos raudåte (Calanus finmarchicus) under eit havforskingstokt i Norskehavet.

Fagstoff
Krepsdyret raudåte – ein nøkkelart

Raudåte er eit dyreplankton som finst i heile Nord-Atlanteren og speler ei sentral rolle i overføring av energi frå primærprodusentar til konsumentar.

Skrive av Kristin Bøhle og Frank Emil Moen.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019