Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff

Podkast om influensarmarknadsføring

Ein annonsør, som skal betale nokon for å tilrå produktet sitt, ønskjer å treffe riktig målgruppe. Det finst fleire verksemder som legg til rette for samarbeid mellom annonsørar og influensarar.
Denne sida er arkivert. Innhaldet kan vere utdatert.

Yrja Oftedahl lagar podkasten Power Ladies. Episoden «Marie Mostad, Inzpire.me – om influencer markedsføring», har influensarmarknadsføring som tema.

Marie Mostad starta influensarmarknadsplassen inzpire.me i 2016, saman med medgründeren sin Mats Lyngstad. Ideen kom då ho sjølv jobba med marknadsføring og sleit med å finne riktig influensar.

På inzpire.me kan annonsørar enkelt gå inn og finne ein influensar dei matchar med. Dette kan du høyre meir om i podkast-episoden Marie Mostad, Inzpire.me – om influencer marknadsføring (podkast på Acast).

Tenk over


Mats Lyngstad, medgründer i influensarmarknadsplassen inzpire.me, har uttalt:

Eg tenkjer at influensarmarknadsføring verken er vondt eller godt. Det er korleis du jobbar med det og kva du gjer, som avgjer det.

Er du einig i fråsegna, og kvifor/kvifor ikkje?

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist oppdatert 12.01.2021