Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff
Interaktivt innhald

Eit variert kosthald

Heilt frå vi var små, har vi høyrt at eit sunt kosthald inneber å ete variert, men kva betyr det, og kvifor er dette viktig?
Denne sida er arkivert. Innhaldet kan vere utdatert.

Eit variert kosthald gir næringsstoffa du treng

Du har tidlegare lært om dei ulike næringsstoffa og kvifor dei er naudsynte for å få kroppen til å fungere optimalt. Alle matvarer inneheld nokre næringsstoff og manglar andre. Gjennom eit variert kosthald får du i deg alle næringsstoffa kroppen din treng. På den måten kan du få god helse samtidig som du reduserer risikoen for sjukdom.

Kostråda frå styresmaktene

Ifølgje kosthaldsrådet frå styresmaktene består eit variert kosthald av mykje grønsaker, frukt og bær, grove kornprodukt og fisk. Ein blir òg rådd til å avgrense tilarbeidt kjøt, salt og sukker i kosthaldet sitt.

Kjelde

Helsedirektoratet. (2016, 24. oktober). Kostrådene. Henta 28. april 2020 frå https://www.helsedirektoratet.no/faglige-rad/kostradene-og-naeringsstoffer/kostrad-for-befolkningen

Skrive av Camilla Øvstebø.
Sist oppdatert 05.03.2020