Oppgave
Lytt og ta notat om målgruppetenking
Du samarbeider med andre i eit produksjonsprosjekt og har fått ansvar for å arbeide med målgrupper.
- Sjå gjennom dei to filmane nedanfor og ta notat.
- Kva seier dei to tilsette i mediebransjen om korleis dei jobbar med målgrupper på arbeidsplassane sine?
- Sorter i prioritert rekkjefølgje kva du meiner er viktigast i det dei fortel.
- Vis lista di til dei andre i gruppa og bli einige om kva tilnærmingar til målgruppetenking de kan bruke i prosjektet de arbeider med.
Ingerid Nordstrand er redaktør i kulturavdelinga i NRK
Video: Albertine Aaberge, Martin Aune Walther / CC BY-SA 4.0
Emma Julie Jensen er grafisk designer og ekspert på sosiale medium i designbyrået Anunatak
Video: Martin Aune Walther, Albertine Aaberge / CC BY-SA 4.0