Krig, kaos og katastrofar - Arkivet - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Krig, kaos og katastrofar

Journalistikken formidlar ofte eit «journalistisk» bilete av verda, der saker som stemmer overeins med nyheitskriterium og den journalistiske logikken, dominerer.

Men kor tydeleg er dette? Klarer vi å sjå det berre ved å sjå ei vanleg nyheitssending frå TV 2 eller NRK? Sjå sendinga frå gårsdagen av Dagsrevyen eller TV 2-nyheitene på nett-TV og svar på spørsmåla:

  1. Kva nyheitskriterium ligg til grunn for dei sakene som blir presenterte i denne sendinga?
  2. Kor mange saker handlar om krig, naud og katastrofar?
  3. Kor mange saker fokuserer på positiv utvikling rundt om i verda?
  4. Er du einig med mediekritikken til professor Hans Rosling (YouTube) når han hevdar at media berre fokuserer på kriser, kaos og katastrofar, eller synest du at professoren bommar litt?
Skrive av Joachim Laberg.
Sist fagleg oppdatert 02.10.2017