Grafteikning med digitale verktøy - Arkivet - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Grafteikning med digitale verktøy

Vi har nokre val når vi skal teikne grafen til funksjonar med GeoGebra.

I Geogebra kan vi teikne grafen til funksjonar ved å skrive funksjonsuttrykket rett inn i inntastingsfeltet. Dersom vi ønskjer å avgrense området grafen skal teiknast i, kan vi bruke kommandoen "Funksjon(<Funksjon>, <Start>, <Slutt>)". Dersom vi skriv S(t)=Funksjon(160t,0,100) i inntastingsfeltet, får vi òg spesifisert at funksjonen skal ha namnet S.

Bruk knappen «Flytt grafikkfeltet» for å plassere koordinatsystemet i ønska posisjon, og dra i koordinataksane for å få dei ønska avstandane.

Frå algebrafeltet kan du «dra» funksjonsuttrykket over til grafikkfeltet.

Høgreklikk på ein ledig plass i grafikkfeltet og vel «Grafikkfelt...» for å setje «Namn» på aksane. Her kan du óg setje «Avstand» på aksane om du ikkje er nøgd med automatikken.

Vi kan finne talet på sprungne meter etter til dømes 10 minutt og 50 minutt, både grafisk og ved rekning.

Grafisk skriv vi 10, S(10) og får punktet
A10, 1 600. Dette viser at talet på sprungne meter etter 10 minutt er 1 600.

Ved rekning bruker vi CAS og får til dømes
S(50)=8 000, som viser at talet på sprungne meter etter 50 minutt er 8 000.

Skrive av Stein Aanensen og Olav Kristensen.
Sist fagleg oppdatert 07.10.2021