Gjennomfør eit intervju med ei munnleg kjelde - Arkivet - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Gjennomfør eit intervju med ei munnleg kjelde

Slik går du fram:

Planlegg, gjennomfør og bearbeid eit munnleg intervju

  1. Vel mellom temaa eteforstyrringar og idrettsskade.
  2. Vel mellom desse formata:
    • Nettstad for førebygging (informasjonsarbeid)
    • Produksjon av reklamefilm
    • Produksjon av TV-serie
    • Produksjon av radiofeature
    • Produksjon av nyheitssak
  3. Førebuing: Forsikre deg om at du får tak i nyttig informasjon.
    • Kva er føremålet med å hente inn informasjon?
    • Kva informasjon treng du?
    • Skal du møte ei profesjonell eller ei ikkje-profesjonell kjelde?
    • Er det ei førstehandskjelde eller ei andrehandskjelde?
    • Korleis skal du bruke informasjonen?
    • Lag ein intervjuguide.
    • Ring, gjer avtale og avklar forventingane dine.
    • Gjer meir research og juster spørsmåla dine.
  4. Gjennomfør intervjuet.
  5. Sjekk om du har informasjonen du treng, og gjer ein kjeldekritisk sjekk.
  6. Lever intervjuet til læraren din eller gå gjennom resultatet i grupper.

Eigenvurdering

Kva har de no lært om å etablere tillit og truverd i møte med ei munnleg kjelde?

Snakk saman to og to om kva de har lært om:

  • å førebu informasjonsinnhenting
  • korleis møte ei kjelde
  • korleis gjennomføre eit intervju
  • korleis sjekke, tilarbeide og vere kjeldekritisk til innhenta informasjon
Skrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 07.03.2017