SMS-rollespel

Oppgåve 1. Lag to samtalar
Del 1: Gå i forsvar
Gå saman i par. De skal spele kvar deira rolle i ein dialog.
Spel ut dialogen ved å bruke dette verktøyet som genererer SMS-dialogar:
- Den eine av dykk (X) er ein misnøgd kunde, brukar eller pårørande. Vel det som er relevant for fagområdet ditt.
- Den andre (Y) skal spele ein fagarbeidar som er på jobb og skal ta imot og behandle klagen.
- X utformar ein SMS der klagar på måten Y har utført jobben sin på. X er opprørt og sint og har som mål å nå fram med klagen sin, slik at Y får retta opp det som har skjedd.
- Y skal forsvare seg mot skuldingane til X og ha som mål å reinvaske seg sjølv.
- Last ned dialogen når de er ferdige, og sjå på han saman.
- Diskuter korleis de kommuniserte. Korleis kjennest det å forsvare seg mot skuldingar? Kjennest det ut som at Y lytta til det X hadde på hjartet? Korleis fekk X fram at hen var opprørt og sint? Korleis reagerte X på at Y prøvde å forsvare seg?
Del 2: Lytt til kunden
No skal de prøve igjen, men med ei lita justering i innstillinga til Y.
- X har framleis som mål å nå fram med klaga si og sender den same SMS-beskjeden.
- Men no skal Y ha som mål å få brukaren, kunden eller den pårørande til å føle at hen blir teken vare på, i tråd med gode prinsipp for yrkesutøvinga. Y skal lytte til klaga og prøve å finne ut kva hen kan gjere for å rette opp feilen som har blitt gjort.
- Last ned dialogen når han er ferdig.
Del 3: Vurder dialogane
Sjå på dialogane, og reflekter over forskjellane.
- Kva slags forskjellar ser du i dei to ulike dialogane?
- Kva for ein av dialogane fungerte best? Kva er grunnen til at den eine fungerte betre enn den andre?
- Kva hadde vore forskjellig om kommunikasjonen hadde gått føre seg ansikt til ansikt?

Oppgåve 2. Øv deg på ein praterobot
Del 1: Lag din eigen praterobot
Før du kan gå i gang med denne oppgåva, må du opprette ein eigendefinert praterobot. Slik gjer du det:
Last ned fila nedanfor. Du treng ikkje åpne ho.
Logg deg inn på ndla.no, gå til "NDLA praterobot" og vel "Lag din egen praterobot".
Vel "Last opp praterobot", trykk "Velg fil" og last inn fila du lasta ned frå mappa "Nedlastinger".
Trykk "Opprett", og du kan starte samtalen.
Del 2: Snakk med prateroboten
Gjennomfør ein dialog med den eigendefinerte prateroboten. (Hugs å slå på lyd og slå av lyddemping kvar gong du snakkar.) I dialogen skal du øve deg på åmøte kunden på ein god måte.
Når du føler deg ferdig med å snakke med prateroboten skriver du "ØNSKER RETTLEIING". Då vil prateroboten gje deg tilbakemelding på korleis du har handtert situasjonen og råd til korleis du kan gjere det betre.