Oppgåve
Video
God kommunikasjon med kundar og brukarar
Sjå på kortfilmen Brukerstøtte i lys av ein fagartikkel om munnleg kommunikasjon. Øv deg så på å kommunisere med brukarar på ein like god måte som medarbeidaren i filmen.
Sjå kortfilmen Brukerstøtte
I denne filmen (lengde 5:00) møter vi ei kvinne som må ringe brukarstøtte for å få åpna døra si:
Del 1: Kva er god brukarstøtte?
- Les fagartikkelen om god munnleg kommunikasjon med kundar og brukarar.
- Samanfatt hovudpoenga i artikkelen ved å skrive ned tre punkt om kva god kommunikasjon med brukarar og kundar inneber.
Del 2: Finn døme i filmen
- Sjå kortfilmen Brukerstøtte øvst på sida, og merk deg konkrete døme på god kommunikasjon som du kjenner igjen frå fagartikkelen om kommunikasjon.
- Diskuter døma med ein medelev. Kva kan de bruke av det de har lært i ein jobbsituasjon?
Del 3: Prøv sjølv
- I par: Vel eit avsnitt i fagartikkelen om kommunikasjon. Spel ein dialog med anten ein kunde eller ein brukar der de får fram dei viktigaste poenga frå avsnittet (spel inn lyd med pc eller telefon).
- Framfør rollespelet, eller spel høyrespelet for klassen, og la dei gjette kva avsnitt de har jobba med.