Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video

God kommunikasjon med kundar og brukarar

Sjå på kortfilmen Brukerstøtte i lys av ein fagartikkel om munnleg kommunikasjon. Øv deg så på å kommunisere med brukarar på ein like god måte som medarbeidaren i filmen.

Sjå kortfilmen Brukerstøtte

I denne filmen (lengde 5:00) møter vi ei kvinne som må ringe brukarstøtte for å få åpna døra si:

Del 1: Kva er god brukarstøtte?

  1. Les fagartikkelen om god munnleg kommunikasjon med kundar og brukarar.
  2. Samanfatt hovudpoenga i artikkelen ved å skrive ned tre punkt om kva god kommunikasjon med brukarar og kundar inneber.

Del 2: Finn døme i filmen

  1. Sjå kortfilmen Brukerstøtte øvst på sida, og merk deg konkrete døme på god kommunikasjon som du kjenner igjen frå fagartikkelen om kommunikasjon.
  2. Diskuter døma med ein medelev. Kva kan de bruke av det de har lært i ein jobbsituasjon?

Del 3: Prøv sjølv

  1. I par: Vel eit avsnitt i fagartikkelen om kommunikasjon. Spel ein dialog med anten ein kunde eller ein brukar der de får fram dei viktigaste poenga frå avsnittet (spel inn lyd med pc eller telefon).
  2. Framfør rollespelet, eller spel høyrespelet for klassen, og la dei gjette kva avsnitt de har jobba med.

Skrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist oppdatert 28.04.2026