Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Førebygging av matsvinn

Matsvinn betyr tap av verdiar for heile verdikjeda i matindustrien, daglegvarehandelen og hotell-, kantine- og restaurantbransjen. I tillegg utgjer matsvinn både eit ressursproblem og eit klima- og miljøproblem. Korleis kan vi førebygge dette svinnet for å sikre berekraft i verdikjeda?
Denne sida er arkivert. Innhaldet kan vere utdatert.

Denne artikkelen er i eit fag som følgjer ein utgått læreplan. Versjonen du ser på, kan innehalde utdatert informasjon eller ha andre feil.

Film: Stygge grønsaker

Kvifor kastar vi så mykje mat det går an å ete? Matsvinn har vore eit tema blant produsentar og utsalsstader i mange år. I filmen under (lengde 1:59) får vi høyre korleis det var i 2015. Korleis er situasjonen i dag?

Video: Kjersti Blehr Lånkan / CC BY-SA 4.0

Bransjeavtalen om reduksjon av matsvinn

I filmen over høyrer vi mellom anna om korleis skjønnheitskrava til frukt og grønt kan føre til matsvinn. Ifølge NORSUS blei matsvinnet i Noreg redusert med 21 prosent, målt i kilo per innbyggar, frå 2015 til 2023.

I juni 2017 inngjekk 12 norske bransjeorganisasjonar ein bransjeavtale om reduksjon av matsvinn. 103 bedrifter frå matindustrien, daglegvarehandelen og serveringsbransjen, og dessutan fem statlege departement, signerte avtalen. Målet med avtalen er å halvere matsvinnet i Noreg innan 2030, i tråd med FNs berekraftsmål 12.3.

Partane skal kartlegge og rapportere om matsvinnet, dei skal treffe tiltak for å redusere svinnet i eiga bedrift, og dei skal samarbeide med andre bedrifter på tvers av verdikjeder.

Ifølge avtalen skal bedriftene òg legge til rette for og bidra til at forbrukarane kastar mindre mat.

Kva for konkrete tiltak har så bedriftene som er med i avtalen gjort for å få bukt med matsvinnet? La oss sjå på nokre døme.

Dømet Tine

For Tine kan svinn oppstå gjennom heile verdikjeda – frå mjølka blir henta på garden, til det ferdige produktet er levert i butikken.

Det er ressurskrevjande å produsere mjølk. Det er derfor ikkje særleg berekraftig om mjølka går til spille, til dømes fordi ho går ut på dato. For å unngå det har Tine gjort endringar i verdikjeda som har gjort det mogleg å forlenge haldbarheita på mjølka. Dette har dei fått til gjennom prosjektet "Ferskere melk", som mellom anna har gått ut på å få mjølka raskare levert til butikkane.

Prosjektet "Ferskere melk" har ført til positive resultat i heile verdikjeda, og svinnet har blitt redusert med heile 70 prosent sidan 2016.

Dømet Rema 1000

Rema 1000 ønsker å vere ein pådrivar i kampen for å redusere matsvinnet. Sjølv jobbar kjeda med å redusere matsvinn i heile verdikjeda si, og dei har som mål å halvere svinnet i eiga verksemd før 2030.

Dette er noko av det Rema 1000 gjer no:

  • Dei forlenger levetida til varene ved å forbetre varehandteringsrutinane, få plassert varene raskt og sørge for god rullering og riktige temperaturar på kjøle- og frysediskar.
  • Dei prisar ned varer som nærmar seg utløpsdatoen.
  • Dei donerer mat det går an å ete til velgjerande organisasjonar.
  • Dei donerer noko av matavfallet som kan brukast som dyrefôr, til bønder.
  • Dei tilleggsmerker matvarene med haldbarheitsindikatoren Keep-it.
  • Dei sel utsorterte grønsaker.

Dømet Scandic-kjeda

Scandic er den største hotellkjeda i Norden, med rundt 280 hotell i 6 land. I Noreg har kjeda 84 hotell. Sidan Scandic er ei stor kjede som eig varemerket sitt, har dei moglegheit til å forhandle fram gode avtalar med leverandørar i heile verdikjeda.

Film: Scandic reduserer matsvinn

Scandic er den første hotellkjeda i Noreg som har inngått eit samarbeid med selskapet Matvett. I filmen under (lengde 2:15) kan du finne ut meir om dette samarbeidet.

Slutt på ikkje-tilgjengeleg innhald.

Tekstsamandrag av filmen Scandic reduserer matsvinn

I filmen fortel Morten Malting, Director of Food & Beverage, Scandic Norway og Aaron Ashley Apew, Food and Beverage Manager, Scandic Fornebu om korleis samarbeidet med Matvett har lykkast.

Ein tredel av all mat som blir produsert, blir kasta. Det er ikkje berekraftig å kaste mat, verken for lønnsemda i bransjen, miljøet eller samfunnet. Hadde matsvinn vore eit land, ville det ha vore verdas tredje største, målt i klimagassutslepp.

Matvett og Scandic samarbeider i eit pilotprosjekt for å redusere matsvinn. Målet er 30 prosent reduksjon – ved digital måling og veging av matavfall. På den måten veit dei nøyaktig kva dei kastar, og kva kostnad det har. Det handlar om rutiner og organisering, som til dømes redusert storleik på alle tallerkenar.

Pilotprosjektet har resultert i 60 prosent redusert matsvinn, noko som tilsvarer cirka 200 000 kroner og 13 tonn CO2.

I tillegg samarbeider Scandic-kjeda med firmaet Too Good To Go for å redusere matsvinnet etter frukostbuffeen på hotella sine. I Too Good To Go-appen kan folk sjekke om det er noko til overs frå buffeen ved det lokale Scandic-hotellet deira. All mat som blir igjen etter frokostbuffeen, kan kjøpast rimeleg og hentast direkte etter at frukostserveringa blir stengd for dagen.

Selskapet Matvett

Matvett er eit selskap som blei starta av ulike næringslivsorganisasjonar med mål om å samarbeide for å redusere matsvinnet i Noreg. Matvett hjelper òg alle aktørane i bransjen i arbeidet med å få ned matsvinnet. I tillegg ønsker dei å spreie meir kunnskap om matsvinn blant forbrukarane.

Det er NHO Mat og Drikke, Dagligvareleverandørenes forening, Dagligvarehandelens miljøforum, NHO Reiseliv og Virke som saman eig selskapet Matvett.

nettsida deira, matvett.no, finn du nyttig informasjon om matsvinn, tips til korleis du kan kaste mindre mat, måltidsplanleggarar og til og med eit eige "bruk-opp-leksikon".

Matsentralen

Matsentralen er det norske namnet på den internasjonale ideelle organisasjonen FoodBank. Matsentralen samlar inn overskotsmat frå matbransjen for å gi han vidare til menneske i ein vanskeleg situasjon. På denne måten flyttar organisasjonen mat frå der det er for mykje, til dit det er for lite.

Film: Stadig flere trenger Matsentralen

Vi menneske som bur her på jorda har eit ansvar for å ta vare på ressursane som høyrer til her. I videoen under kan du lære meir om arbeidet til Matsentralen, som samlar inn overskotsmat og gir han til dei som har for lite.

Kjelder

Matvett. (u.å.). Bransjeavtale om matsvinn. Henta frå https://www.matvett.no/bransje/aktuelt/bransjeavtale-om-matsvinn

Matvett. (u.å.). Om Matvett. Henta frå https://www.matvett.no/om-matvett

Matvett. (u.å.). Raskere melk fra meieri til butikk gir mindre matsvinn. Henta frå https://www.matvett.no/bransje/suksesshistorier/raskere-melk-fra-meieri-til-butikk-gir-mindre-matsvinn

Regjeringen. (2025). Bransjeavtalen om reduksjon av matsvinn. https://www.regjeringen.no/no/tema/mat-fiske-og-landbruk/mat/matsvinn/bransjeavtale-om-matsvinn-reduksjon/id2891198/

Rema 1000. (u.å.). Matsvinn. Henta frå https://www.rema.no/ansvar-i-rema-1000/miljo-og-baerekraft/mindre-matsvinn/

Scandic Hotels. (u.å.). Vår matfilosofi. Henta frå https://www.scandichotels.no/restauranter-og-barer/food-philosophy

Stensgård, A. (2024). Faktaark om matsvinn i Norge 2023 (Rapportnr. OR.31.24). Norsk institutt for bærekraftsforskning (NORSUS). https://www.matvett.no/uploads/documents/OR.31.24-Faktaark-om-matsvinn-i-Norge.pdf

Tine. (u.å.). Årsrapport 2018. Henta frå https://arsrapport.tine.no/

Skrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist oppdatert 03.08.2026