Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve
Video
Tilleggsstoff

Haldningskampanje for å redusere matsvinn

I denne oppgåva skal de jobbe i grupper med å lage ein haldningskampanje for å skape auka forståing for viktigheita av å redusere matsvinn. Start med å sjå filmen nedanfor frå NRK frå 2020 (lengde 03:57).

Om matsvinn

Matsvinn er all maten vi kastar før han blir dårleg, eller mat som ikkje er heilt fersk lenger, slik Ingrid Vik Lysne fortel om i filmen ovanfor. Eit av FNs berekraftsmål er at vi skal halvere matsvinnet vårt innan 2030.

Cirka ein tredel av all mat som blir produsert på verdsbasis til menneskeleg konsum, blir kasta eller går til spille. Dette utgjer heile 1,3 milliardar tonn mat som går rett i søpla, kvart år. Vi er rett og slett ikkje flinke nok til å ete opp maten vi kjøper. Det må vi gjere noko med.

Å redusere matsvinn er ikkje berre viktig for å redusere klimautslepp, men gjer òg at vi kan spare mykje pengar på mat. Dette seier influensaren Karen Elene Thorsen, kjend som Fattig Student, meir om i filmen frå 2020 nedanfor (lengde 07:14).

Video: Cylinder Production AS / CC BY 4.0

Oppdrag: Planlegg ein haldningskampanje


Formålet med ein haldningskampanje er å få folk til å endre haldningar og åtferd. Føresetnaden for ein vellykka haldningskampanje er grundige undersøkingar, definisjon av målgrupper og god planlegging av kommunikasjon.

Kampanjen skal ha som mål å oppmode forbrukarar til å redusere kasting av mat ved å tenkje ut nye måtar å bruke opp maten på.

Oppgåve

  • planleggj ein haldningskampanje ved å formulere bodskap, vurdere verkemiddel, lage skisser og planleggje ein miks av kommunikasjonskanalar
  • skriv eit refleksjonsnotat der de forklarer vala dykkar

Tips til oppgåveløysing

  • Formuler ein tydeleg bodskap som de vil nå ut med i haldningskampanjen.
  • Gi eit truverdig inntrykk: Truverd er avgjerande for at haldningskampanjen skal lykkast i å endre måten folk tenkjer og oppfører seg på.
  • Vurder verkemiddel: Ein haldningskampanje må appellere både til hjartet og til hjernen. De kjenner målgruppa dykkar, vel derfor verkemiddel de veit «treffer» dei.
  • Test og vurder ideen dykkar: Lag skisser, og bruk gjerne eit utval personar med ulik bakgrunn til å teste ideen dykkar før de går i gang med vidare planlegging og utforming av haldningskampanjen.
  • Planlegg ein miks av kommunikasjonskanalar:

    Det kan vere vanskeleg og tidkrevjande å få folk til å endre haldningar. Å lage ein videosnutt er ikkje nødvendigvis nok. Bodskapen kan gjerne presenterast i ulik form og i ulike kommunikasjonskanalar. Planlegg ein miks av kommunikasjonskanalar, ein såkalla mediemiks, for kampanjen.

  • Utvikle gjerne innhald til haldningskampanjen, og ha ei framsyning for klassen.

Relatert innhald

Haldningskampanjar

Målet med haldningskampanjar er å påverke haldningar og åtferd hos bestemte målgrupper. Kampanjane speler på retoriske verkemiddel for å påverke oss.

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist oppdatert 16.01.2026