Ungdom blir utsette for digital blotting
Digital blotting er ulovleg
Straffelova seier:
- Det er ulovleg å sende nakenbilete til nokon som ikkje har samtykt.
- Det er ulovleg å ta, ha og dele nakenbilete av nokon under 18 år.
- Seksualiserte bilete skal uansett ikkje sendast til barn under 16 år.
- Blir du utsett for digital blotting, kan du ta eit skjermbilete og melde saka til politiet.
Kva undersøkinga seier om digital blotting
Medietilsynet har tal på kor mange 13–18-åringar som får nakenbilete, og kven dei får slike bilete frå. I Medietilsynets undersøking Barn og medium 2022 har cirka 3 200 9–18-åringar frå 78 skular over heile landet delteke. Denne viser at mange ungdommar blir utsette for digitale krenkingar.
Spørsmål til grafikken
Jobb gjerne åleine til å byrje med, og diskuter sidan i grupper eller i klassen.
- Kva tal og fakta overraskar deg mest?
- Kor mange prosent av 13–18-åringar har fått tilsendt nakenbilete av andre? Kva tenker du om dette talet?
- 31 prosent av dei som fekk spørsmål om å sende eller dele eit nakenbilete, vart spurde av ein ukjend på nettet. Kva tenker du om denne utviklinga?
Er digital blotting ei utfordring i samfunnet vårt? Kvifor (ikkje)?
Korleis kan digital blotting stoppast?
Deling av nakenbilete
13–18-åringane i undersøkinga fekk ulike spørsmål knytte til deling av nakenbilete: om dei har fått tilsendt nakenbilete av andre, og om nokon har spurt om dei kan dele nakenbilete av seg sjølve.
Kjønn
Forskjellar mellom gutar og jenter og ulike aldersgrupper når det gjeld andelen som har fått tilsendt eller blitt spurt om dei kan sende/dele nakenbilete:
Relasjonar
Kven sende nakenbilete, og kven spurte om nakenbilete, ifølge dei som hadde fått eller blitt bedne om å sende nakenbilete: