Nudes på avvegar
Spreiing av nakenbilete er straffbart
Spreiing av intime bilete får store konsekvensar for dei det gjeld. Mange kjenner ikkje lovverket og veit ikkje kvar grensene går.
Straffelova seier:
- Det er ulovleg å sende nakenbilete til nokon som ikkje har samtykt.
- Det er ulovleg å ta, ha og dele nakenbilete av personar under 18 år.
Seksualiserte bilete skal uansett ikkje sendast til barn under 16 år.
Blir du utsett for digital blotting, kan du ta eit skjermbilete og melde saka til politiet.
2. NRK-serien Nudes, episode 4:
Kva kan skje når nakenbilete kjem på avvegar? Russepresidenten Viktor blir skulda for spreiing av barneporno.
Det er lett å miste kontrollen over et bilde som er delt. Nakenbilder og sexvideoer som deles på nett, er vanskelige å få fjernet. Det å vite at et nakenbilde av deg selv spres på nettet, er en tung belastning.
Politiet
A. Sjå filmen
B. Svar på spørsmåla individuelt
- Kvifor blir Viktor skulda for spreiing av barneporno?
- På kva for eit sosialt medium blir videoen delt?
Korleis opplever Viktor situasjonen han har hamna i?
C. Diskuter spørsmåla i fellesskap
- Kva konsekvensar kan dette få for Viktor?
- Var det riktig av Miriam å melde saka? Grunngi.
Korleis kan du bidra i kampen mot spreiing av nakenbilete på nett?
Kva du gjer om eit nakenbilete av deg hamnar på avvegar:

Har du opplevd at intime bilete har komme på avvegar? Få hjelp til å gjere noko med det.
Sei det til ein vaksen du stoler på, eller ta kontakt med politiet. For å hindre vidare spreiing er det viktig at du handlar raskt.
Det finst òg tenester som kan gi deg råd og hjelpe deg.
Sjekk slettmeg.no og ung.no.
Relatert innhald
Nettside hos slettmeg.no
Nettside hos ung.no