Hopp til innhald

Fagstoff

Kontor- og administrasjonsmedarbeidar

Kontor- og administrasjonsmedarbeidarar gjennomfører mange oppgåver ved hjelp av IKT. Typiske oppgåver er å registrere personalopplysningar, kalle inn til møte, arkivere dokument, føre postjournalar og å registrere sjukmeldingar, timelister, ferielister og annan informasjon som legg grunnlaget for korrekt lønn. Ein kontor- og administrasjonsmedarbeidar må kunne fleire IKT-system.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Jan arbeider som kontor- og administrasjonsmedarbeidar for ei større handelsbedrift. Dagleg må han organisere møte, tinge møterom og ordne med mat. For at han ikkje skal gløyme noko, har Jan laga seg ei sjekkliste.

Møteoversikt
Opne bilete i eit nytt vindauge

For å halde styr på alle avtalane legg han dei inn i kalenderen i e-postsystemet sitt. Han bruker også e-postsystemet til møteinnkallingar. Saman med møteinnkallinga sender han ut saklista. Alle møtedeltakarane må stadfeste på e-post om dei kan møte eller ikkje. Når Jan veit kor mange som skal vere med på møtet, reserverer han møterom.

Forslag til øving

Tenk deg at du arbeider i Statoil, eller ei anna bedrift du kjenner. På kort varsel får du ein førespurnad frå ein skuleklasse om dei kan komme på omvising neste dag.

  • Kva vil du gjere?
  • Korleis vil du svare?
CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 05.07.2017

Læringsressursar

Bruk av digitale verktøy