Hopp til innhald

Fagstoff

Smitteverntiltak retta mot personalet

Smitteverntiltak retta mot dei tilsette er ein viktig del av HMS-arbeidet på ein arbeidsplass. Både arbeidsgivaren og arbeidstakaren har eit ansvar for å følgje dei reglane og forskriftene som gjeld på dette området.
Smittefare Gult varselskilt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I tillegg til forskrift om smittevern i helsetjenesten er arbeidsmiljøloven med dei forskriftene som høyrer til, det lovverket som rettar seg mot å ta vare på dei behova arbeidstakarane har for vern. Sjå mellom anna Rettleiing om biologiske faktorar og Helse Sør-Aust nettsida si for smittevern.

Dei grunnleggjande smittevernrutinane er i utgangspunktet også gode nok til å verne helsepersonalet.

Forholdsreglar ved kontakt med blod

Bruk vernehanskar og ver nøye med handhygienen i alle situasjonar der du kan kome i kontakt med blod eller andre kroppsvæsker.

Det kan vere aktuelt med augevern, briller eller visir for å verne munn, nase og auge ved aktivitetar som kan føre til sprut av blod eller kroppsvæsker.

Dersom du får sprut av blod eller kroppsvæsker i auge, munn eller nase, skal du skylje godt med vatn i minst ti minutt. Du kan også skylje munnen etterpå med munnskyljevatn som inneheld hydrogenperoksid. Dersom du får blodsøl i sår, skal også dette skyljast i rikeleg med vatn i mist ti minutt. Desinfiser deretter såret med Klorheksidin vassløysing 1 mg/ml.

Når det er brukt stikkande eller skjerande utstyr, skal dette kastast direkte i behaldar for slikt avfall. Ikkje set hetta på kanylen etter bruk. Dei fleste stikkskadar hos helsearbeidarar skjer når dei set på hetta etter bruk.

Dersom uhellet er ute, skal du la det blø litt først dersom blødinga ikkje er stor. Skyl deretter grundig med såpe og vatn. Tørk godt og desinfiser området med Klorheksidin spritløysing 5 mg/ml. Spriten verkar raskt, og Klorheksidin gjer verketida lengre. Dekk deretter til området med plaster eller bandasje.

Alle slike uhell skal meldast. Kontakt næraste overordna. Lege vurderer om det er aktuelt å ta blodprøver og eventuelt følgje opp den skadde vidare.

Kontroll av smittsame sjukdommar

Tuberkulose

Alle kommunale og regionale helseføretak skal ha eit eige program for tuberkulosekontroll som ein del av smittevernplanane til føretaket (jamfør Forskrift om tuberkulosekontroll Det er ikkje lenger rutinekontroll for tuberkulose av helsepersonell, men etter planen skal ein følgje opp den enkelte ut frå ei risikovurdering.

Antibiotikaresistente bakteriar

Antibiotikaresistente bakteriar er eit aukande problem også i norsk helsevesen. Særleg har utbrot av MRSA (meticillinresistente gule stafylokokkar) blitt eit problem. Det er gitt ut ein Nasjonal veileder for å forebygge MRSA med retningslinjer for kva helsepersonell skal gjere når det er mistanke om eller påvist MRSA-smitte. Sjå video her: Helsedirektoratet og antibiotikaresistens

Vaksinasjon av tilsette

Ifølgje forskrift om vern mot eksponering av biologiske faktorer på arbeidsplassen skal arbeidsgivaren sjå til at arbeidstakarar som blir eksponerte for biologiske faktorar, får tilbod om sikker og effektiv vaksinasjon.

Arbeidstakarar med infeksjon

Ifølgje Forskrift om næringsmiddelhygiene skal dei som har sjukdommar som kan overførast via næringsmiddel, ikkje arbeide i område der næringsmiddel blir handterte. Dette gjeld arbeidstakarar med til dømes infiserte sår, hudinfeksjonar og diaré.
Ved forkjøling skal vi unngå kontakt med pasientar som har eit sterkt redusert immunforsvar. Elles skal vi bruke munnbind når vi har nær kontakt med pasientar, og vere nøye med handhygienen så lenge vi har symptom.

Ved influensa og bakterielle luftvegsinfeksjonar skal vi oppsøkje lege dersom vi får feber, smerter i kroppen og hoste. Vi bør då ikkje utføre arbeid som gjer at vi har kontakt med pasientar, så lenge symptoma varer.

Ved augeinfeksjonar skal vi også unngå kontakt med pasientar og vere nøye med handhygienen så lenge symptoma varer.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Jørn Stordalen.
Sist fagleg oppdatert 12.09.2017

Læringsressursar

Hygiene og smittevern