Hopp til innhald

Fagstoff

Transport

Vi snakkar gjerne om fire transportsystem, og her vil vi sjå litt grundigare på korleis dei fungerer når vi skal transportere gods. Du skal lære nokre sentrale omgrep, og du vil sjå korleis dei fungerer i praksis gjennom døme på typiske norske transportar – og transportørar.
De fire transportsystemene. Fotokollasj.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dei fire transportsystema

Du hugsar sikkert dei fire transportsystema veg, jernbane, luft og sjø frå temaet trafikk og transport ? Der la vi størst vekt på persontransport. Her skal vi sjå på korleis vi transporterer gods.

Sjøtransport

Historisk sett har sjøtransport vore svært viktig for både passasjerar og godstransport. Passasjermarknaden har falle jamt gjennom mange tiår, medan godstransport har auka i takt med den globale handelen.

Sjøtransport er mest konkurransedyktig på lange distansar, og derfor opererer dei aller fleste reiarlaga på ein internasjonal marknad. Dei vanlegaste typane skip er bulkskip og oljetankarar, som til saman utgjer om lag to tredelar av verdsflåten. I Noreg er i tillegg forsyningsskip til oljesektoren og kombinerte passasjer- og godsferjer svært viktige tilbod.

Jernbanetransport

Godstransport med jernbane blir i mange tilfelle rekna som det mest miljøvennlege alternativet, og det er derfor viktig å byggje ut og modernisere jernbanen av miljøpolitiske årsaker. I område med stor folketettleik blir det gjerne bygt dobbeltspora jernbanar. I Noreg er det i dag mest aktuelt å auke kapasiteten ved å byggje fleire kryssingspunkt på dei enkeltspora banane. Det er i overkant av 4 000 kilometer jernbane i Noreg, og 300 kilometer har dobbeltspor. Om lag 90 % av jernbanenettet har elektronisk drift.

Godstransport på bane omfattar:

  • Systemtog, som er spesialbygde for å frakte ein heilt spesiell type gods. Aktuelle godstypar for slike transportar er malm, tømmer, trelast og flis.
  • Vognlast, som betyr at ein kunde, til dømes ein speditør, kjøper kapasiteten i ei godsvogn eller eit heilt godstog. Ei vognlastløysing er vanlegvis avgrensa til rein banetransport, slik at kunden sjølv må syte for å få lasta og lossa godset på jernbaneterminalen.
  • Kombitransportar, som utgjer heile 85 % av godsmengda på bane. Det mest typiske er å kombinere bil- og banetransport. Både containerar og semitrailerar kan lett bli overførte mellom vogntog og jernbane. Slik kan ein både spare miljøet, redusere belastinga på vegnettet og redusere kostnaden.

Flytransport

Godstransport med fly er svært avgrensa i vekt og volum samanlikna med dei fire andre transportformene. Likevel er fly eit viktig transporttilbod, mellom anna for ekspressgods. Moglegheita for å sende reservedelar og komponentar raskt rundt i verda gjer det mogleg for bedrifter å halde mindre lager, og det gir små bedrifter tilgang til internasjonale marknader.

Spesialbygde fly for transport av fersk fisk er ei løysing som gir norske eksportørar tilgang til marknader i andre verdsdelar.

Hercules
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vegtransport

Vegtransport er den viktigaste transportforma i Noreg. Både i Noreg og i andre land er det vegklassifisering som regulerer kor stort akseltrykk eit kjøretøy kan ha. Andre aktuelle føresegner som regulerer godstrafikk på veg, er kjøretidsføresegner som styrer trafikk til spesielle klokkeslett og tider på dagen og dessutan føresegnene om kjøre- og kviletider, som skal hindre sjåførar å kjøre etter helse- og trafikkfarlege arbeidsplanar. Vi har følgjande tre hovudtypar av bilar for godstransport:

  • Nærtransportbilar er, som namnet seier, tenkt for transport i lokal- og regionområdet. Distribusjonsbilar blir også brukt som samleomgrep på nærtransportbilar. Bilen må vere fleksibel å manøvrere i byområde, på terminalar og på smale bygdevegar. Han må også vere bygd for rask og fleksibel lasting og lossing. Vi finn ulike nærtransportbilar frå under 1 tonn til rundt 20 tonn.
  • Langtransportbilar skal gi økonomisk transport over lengre distansar og har generelt stor lastekapasitet. Bilen er bygd for å utnytte lastekapasitet, totalvekt og akseltrykk. Mange langtransportbilar er også sjåførens andre heim med sovekabin, kjøkken, TV, Internett, kontor og garderobe. I Noreg er dei fleste langtransportbilane anten vogntog, det vil seie lastebil med hengar, eller trekkvogn med semitrailer.
  • Spesialbilar blir brukte i både nær- og langtransport. Dette er ein bil som er spesialbygd for ein spesiell type eller kategori transport. Tømmerbilar er eit døme på ein svært spesialisert bil, medan tippbilar har eit ganske greitt bruksområde innanfor bulklast. Ein annan utbreidd variant av spesialbilar er bilar som er bygde for ulike variantar av avfallshandtering.
Trailer i farta
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Morten Gunnar Plassen og Per Haukeberg. Rettshavarar: Amendor AS og NKI Forlaget
Sist fagleg oppdatert 05.12.2017

Læringsressursar

Vareflyt