Hopp til innhald

Fagstoff

Gummi

Elastomerane finst både som termoplast og herdeplast, men er som type betre kjende som gummi. Ein felleseigenskap for elastomerane er at dei «kan strekkjast til minst det doble av lengda si for så å gå tilbake til same forma etter belastninga».
Stabel med brukte bildekk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Natur- eller syntetisk gummi

Gummiprodukt blir framstilte anten frå naturgummi eller kunstig som syntetisk gummi.

Naturgummi blir framstilt av saft frå gummitreet (lateks), som blir vidare omarbeidd med syrer til ein får rågummi. Deretter går materialet gjennom ein vulkaniseringsprosess der det blir tilsett svovel. Naturgummi blir brukt i bildekk.

Styrengummi (forkorta SBR) er eit vanleg syntetisk gummimateriale som blir brukt i mellom anna slangar, dekk, elektriske leidningar, buffertar og fjørelement.

Fluorgummi har stor motstand mot olje og blir brukt i oljebestandige slangar og pakningar.

Nitrilgummi har bra motstand mot organiske løysemiddel og blir derfor brukt mellom anna i hanskar.

Framstilling og bruk

Vulkanisering er ein tilverkingsprosess (varmeforming 140−180 ºC) som formar gummien til eit sluttprodukt. Gjennom vulkaniseringa har elostomerane fått molekylkjedene bundne saman med tverrbindingar.

Gummi blir brukt på mange delar i chassis og karosseripåbygg (slangar, dekk, luftbelger, gummibuffertar, fôringar, pakningar osv.). Dei elastiske og vibrasjonsdempande eigenskapane til gummien er bakgrunnen for at materialet blir nytta så mykje i køyretøy.

CC BY-SASkrive av Industriskolen.
Sist fagleg oppdatert 19.11.2018

Læringsressursar

Organiske stoff