Hopp til innhald

Fagstoff

Kva er universell utforming?

Universell utforming handlar om å utforme produkt og omgjevnader på ein slik måte at det blir tilgjengeleg for så mange menneske som muleg.
Mann i elektrisk rullestol og par som lufter hund på universelt tilrettelagt turvei. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I Noreg blir denne definisjonen på universell utforming brukt
Universell utforming er forming av produkt, bygg, transportmiddel og omgjevnader på ein slik måte at dei kan brukast av alle menneske, i så stor grad som muleg, utan behov for tilpassing eller spesiell utforming.

Innanfor boligsektoren inneber dette at ein ved nybygging, rehabilitering og ombygging skal vektlegge at både bueiningar, fellesområde og uteareal skal vere brukbare for eit vidt spekter av menneske: barn, eldre, synshemma og funksjonshemma, i tillegg til spreke 20-åringar.

Småbarnsforeldre skal kunne ta med seg barn i barnevogn, og ukjende besøkande skal kunne finne fram. Dette skapar bustadområde som er brukbare for fleire og enklare for mange, ved hjelp av tiltak som er nødvendige for nokon.
Kjelde: Husbanken

Universell utforming er eit omgrep som du må kjenne til når du skal arbeide som helsefagarbeidar.Mange bygg og anlegg er i dag lagt tilrette slik at det er tilgjenge for menneske med ulik funkjonsevne. Kunnskapar om dette kan også komme til nytte når nye boligar skal planleggjast. Dette er også kunnskap som kan komme til nytte når ein skal planleggje aktivitetar saman med pasientar og brukarar.

Universell utforming er eit middel til auka sjølvstende for menneske med nedsett funksjonsevne.

Når menneske har nedsett funksjonsnivå eller helseproblem, kan dette føre til at dei møter hindringar i kvardagen som gjer livet vanskelegare. Eit grunnprinsipp for universell utforming er at omgjevnadene og produkt har ei utforming som gjer dei tilgjengelege for flest muleg. Målet er å forenkle livet og auke livskvaliteten for alle.

Utfordingar til deg:

Oppgåver til : Kva er universell utforming?

Utfordringar til deg

  1. Kva er universell utforming?
  2. Kvifor er universell utforming viktig?
  3. Kven har nytte av at samfunnet legg til rette for universell utforming?
  4. Finn ut korleis det står til med universell utforming i din kommune eller bydel. Prøv dykk som blind eller som rullestolbrukar i kommunen.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Gro Nedberg Grønlid og Guri Bente Hårberg.
Sist fagleg oppdatert 15.09.2017

Læringsressursar

Universell utforming