Hopp til innhald

Fagstoff

Oppvarmingsleikar

Her finn du eksempel på oppvarmingsleikar.
To jenter leker en sanglek. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sisten

Mange av dei vanlege barneleikane eignar seg ypparleg til oppvarming. Tenk tilbake på kva for leikar du har leika sjølv, og ta dei i bruk. Kanskje kan deltakarane bidra og dele med kvarandre leikar dei sjølve kan? Alle variantar av sistenleikar er for eksempel gode som oppvarming. Ein kan leike sisten på vanleg måte eller gjere variantar. For eksempel:

Slangesisten

Den som blir teken, må halde den som tek, i hendene. Etter kvart blir lenkja av dei som er tekne, lengre og lengre. Det er berre dei to i enden av lenkja som kan ta nye. Ein flott samarbeidsleik!

Stiv heks

(også kjend som «Troll og stein»). Den som blir teken, stivnar på staden og kan berre bli fri med at nokon andre kryp mellom beina hennar. Ein kan ikkje bli teken så lenge ein er i ferd med å fri nokon.

Pølsesisten

Han som blir teken, blir til ei pølse og må stå stille og seie «pølse pølse pølse …» heilt til nokon kjem for å fri dei. Det trengst to for å fri. Dei to i seg på kvar si side av den som er teken, og seier «pølsebrød». Ein kan ikkje takast så lenge ein er i ferd med å fri nokon.

Doktorsisten

Den som blir teken, blir sjuk og legg seg ned. To personar må komme og bere han til sjukehuset (som er eit avtalt område i rommet) for at han skal bli fri igjen. Ein kan ikkje takast så lenge ein er i ferd med å fri nokon.

Ku og fjøs

Alle står i ring, men i grupper på tre. Ein av dei tre er ei ku. Dei to andre lagar eit fjøstak over kua med armane. Ein deltakar står i midten av ringen og har ingen plass. Han i midten kan no seie «ku», «fjøs» eller «ku og fjøs». Viss han seier «ku», må alle kyrne finne seg eit nytt fjøs, mens fjøsa blir ståande. Viss han seier «fjøs», må alle som er fjøs, finne ei ny ku å vere fjøs for (ein treng ikkje vere fjøs med den same partnaren). Viss han seier «ku og fjøs», må alle bytte plass. Då er det òg mogleg å bli fjøs sjølv om ein har vore ku, og omvendt. Han i midten prøver å ta ein plass mens byttet skjer, slik at ein ny deltakar hamnar i midten. Leiaren kan bytte namn på leiken etter behov. For eksempel kan ein leike han som «troll og bru» når ein skal ha om eventyr.

CC BY-SASkrive av Landslaget Drama i skolen (LDS) v/ Mette Nyheim .
Sist fagleg oppdatert 22.06.2018

Læringsressursar

Drama