Hopp til innhald

Fagstoff

Mobbing i ulike grupper

Mobbing kan skje i alle grupper, og det er mykje som tyder på at mobbing ikkje er noko som plutseleg skjer når barna begynner på skulen. I Noreg vaknar om lag 60 000 barn og unge kvar morgon til angsten for å bli mobba på skulen.
Mobbing på arbeidsplasen
Opne bilete i eit nytt vindauge

I barnehagen

Dei undersøkingane som er gjorde, viser at det også skjer mobbing i barnehagen, og at omfanget i gjennomsnitt ligg på ti til elleve prosent. Desse tala ligg likt med det undersøkingane på småskuletrinnet avdekkjer. Undersøkingane deler mobbing opp i direkte mobbing og indirekte mobbing og er baserte på intervju ein har hatt med barn, og spørjeundersøkingar som tilsette i barnehagar har svart på.

Førskulebarna rapporterer mest om fysisk mobbing, men dei skildrar også at det skjer ein del psykisk og sosial mobbing som å bli erta, ledd av og kalla dumme ting. Det viser seg at gutane er meir utsette for fysisk mobbing enn jentene, som meir utsette for erting, at mobbaren øydelegg ting dei har laga, og så vidare. Det var ingen kjønnsskilnader når det gjaldt sosial utestenging.

Dette viser oss at mobbing skjer i barnehagen, og at nokre barn allereie så tidleg kan bli mobbeoffer, eller kan utvikle seg til å bli mobbarar. Dette er noko vi som jobbar med små barn, må ta på alvor.

På skulen

I Noreg vaknar omtrent 60 000 barn og unge kvar morgon til angsten for å bli mobba på skulen. Nøyaktige tal finn du på udir sine heimesider ved å søkje på "elevundersøkelsen".

Dei kan bli plaga dagleg eller kvar veke og gruar seg til å stå opp for å gå til skulen. Plaginga består oftast av erting, håning, trakassering og utestenging, men også fysisk vald som å bli slått, dytta og sparka.

Grovt sett blir om lag fem til seks prosent av alle skulebarn utsette for mobbing. Tala er høgare for småskuletrinnet (om lag ti prosent) og blir mindre ved mellom- og ungdomstrinnet. Desse tala er like på landsbasis og viser liten skilnad mellom bygd og by. Dei siste tiåra har skulen hatt tradisjon for å gjennomføre mobbeundersøkingar. Ved å samanlikne desse kan vi sjå korleis utviklinga har vore dei siste åra. Det viser seg at mobbinga auka kraftig i perioden mellom 1995 og 2001.

Kvifor det var slik, er det vanskeleg å finne noko klart svar på, og årsakene er samansette. Undersøkingar i 2004 viste ein positiv nedgang. Årsaka til dette ligg truleg i at ein har vore meir merksam på mobbing i skulen desse åra, og at informasjon om korleis ein kan førebyggje mobbing, har verka positivt inn.

Blant ungdom

Som ei følgje av den teknologiske utviklinga dei siste åra har mobbinga fått nye kanalar og former. Mobbing og trakassering via mobiltelefonar og ulike nettsider har auka dei siste åra, og alternativa er mange. Mange har opplevd det som svært ubehageleg å ha blitt fotografert med kameramobil og at uønskte bilete har blitt spreidde. Nettet kan bli brukt som ein moderne, offentleg gapestokk med sterke verkemiddel og uavgrensa spreiingskraft.

Ein viktig skilnad frå vanleg mobbing er at plagaren og offeret ikkje står ansikt til ansikt. Mobbeofferet kan ikkje sjå ubehagelege ansiktsuttrykk eller kjenne på ein truande fysisk nærleik, og plagaren går glipp av å sjå korleis offeret reagerer. Undersøkingar viser at det ofte kan vere andre som er innblanda i plaginga via sms og Internett, og for nokre kan denne forma for mobbing komme i tillegg til andre former. Det er derfor viktig å arbeide med haldningar til bruken av Internett – noko som både skulen, foreldra og ungdommen sjølv må engasjere seg i.

På arbeidsplassen

I Noreg reknar vi med at om lag fem prosent av arbeidstakarane opplever å bli utsette for mobbing. Problemet er todelt, og mobbing på arbeidsplassen omfattar både mobbing blant kollegaer og mobbing frå leiinga.

Ein norsk studie viser at mobbing på arbeidsplassen nokre gonger startar med usemjer og konfliktar. Dette kan utvikle seg til å bli personkonfliktar, utfrysing, baksnakking, utskjelling og truslar.

Det er viktig å hugse på at mobbing på arbeidsplassen er lik anna mobbing – systematisk og langsiktig, vondsinna og tilsikta. Sexpress er også mobbing, og det same er psykisk press. Som regel er mobbinga usynleg for resten av organisasjonen, men sjølv om mobbinga kan vere synleg, ser berre kollegaene brotstykke av omfanget.

Mobbing blir sett på som eitt av dei største arbeidsmiljøproblema i Noreg i dag. Så mange som 30 prosent av uførepensjonistane i dag er trygda grunna psykiske problem eller lidingar dei har fått som følgje av ulike forhold på arbeidsplassen.

Direkte mobbing

Direkte mobbinger handlingar som fysisk mobbing, verbal mobbing og direkte mobbehandlingar, som å øydeleggje, å gøyme eller ta eigedelane til den som blir plaga, å tvinge eller å blande seg inn.

Indirekte mobbing

Indirekte mobbinger handlingar som mellom anna utfrysing, avvising og systematisk utestenging.

Utfordringar til deg

  1. Korleis kan vi oppdage mobbing i barnehagen?
  2. Intervju nokon som jobbar i barnehage om mobbing.
  3. Kor mange skulebarn er det som blir mobba?
  4. Intervju nokon som jobbar i skulen om mobbing.
  5. Korleis blir teknologi brukt i mobbing?
  6. Kva kjenneteiknar mobbing på arbeidsplassen?
  7. Intervju arbeidstakarar og leiarar om mobbing på arbeidsplassen.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kari Nergaard, Gro Nedberg Grønlid og Guri Bente Hårberg.
Sist fagleg oppdatert 12.03.2018

Læringsressursar

Forebygging av mobbing og krenkelser