Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Sjamanisme og hekseprosessar

Sjamanar og hekser har spesielle roller i enkelte religionar. I desse oppgåvene skal du jobbe meir med sjamanar og hekser sine roller.
Ein tuvinsk sjaman frå Sibir held ei tromme over eld. Foto.

Oppgåve 1

  1. Kva er ein sjaman, og kva for oppgåver har han?
  2. Kva er transe, og korleis kjem sjamanen inn i transen?
  3. Kva slags funksjon kan trua på hekser ha?

Oppgåve 2

I Noreg finst det ei urfolksgruppe som i den førkristne perioden blant anna ga seg over til sjamanisme. Undersøk den førkristne samiske religionen, og finn ut kva slags oppgåver den samiske sjamanen (noaiden) hadde.

Oppgåve 3

Også Noreg har si historie med hekser. På 1500- og 1600-talet blei om lag 350 personar avretta under dei mykje omtala hekseprosessane. Lag ein digital presentasjon eller ein plakat der du presenterer hekseprosessane i Noreg til resten av klassa.

CC BY-SASkrive av Kai Arne Ulriksen.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Religion