Hopp til innhald

Fagstoff

Ekteskapsallianse

I Vest-Europa og USA er ekteskapsband basert på kjærleik. Viss vi ser på ekteskapet frå eit (kultur)historisk perspektiv, er dette derimot eit relativt nytt fenomen. Ekteskapet har ofte blitt sett på som ei plikt meir enn ein rett.
Et fotografi av to kvinner som har giftet seg.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ekteskapet som allianse

Vår tanke om ei ekteskapspakt basert på kjærleik er ein ny tankegang og eit relativt sjeldan fenomen. Ekteskapslenkjer blir ofte smidde i alliansen sitt namn framfor kjærleiken sitt. Ulike grupper søkjer med andre ord å opprette ein avtale med kvarandre, og ekteskapet er nøkkelen til å få det til. Gjennom ein slik allianse har dei nokon å støtte seg på dersom ein situasjon skulle krevje det.

I mange av dei samfunna antropologar har forska på, er ekteskapet altså ein avtale mellom grupper framfor individ. Slike samfunn kan ofte operere med tanken om at plikter er viktigare enn rettar. Samfunnsmedlemmane kan altså vere forplikta til å etablere eller vareta alliansar med andre grupper gjennom ekteskap.

Tenk og skriv ned stikkord:

Vestlege ekteskap er som regel baserte på kjærleik, men finst det verkeleg ingen praktiske årsaker til at vestlege par vel å gifte seg?

Preferensielle og preskriptive system

For at eit ekteskap skal kunne inngåast, må det også veljast ein partnar. Utveljinga kan sjølvsagt skje på fleire måtar, men vanlegvis skil vi mellom det som blir kalla preferensielle og preskriptive system. I preferensielle system står ein relativt fritt til å velje sin eigen make. Ein har i alle fall eit val. I preskriptive system blir situasjonen meir eller mindre snudd på hovudet. Her er det klare reglar om kven du kan gifte deg med. På same måte er det også tydelege forskrifter om kven du ikkje kan gifte deg med.

Brysam kjærleik

I nokre samfunn blir ekteskapet altså sett på som noko praktisk. Målet er å halde slekta sin gang ved like, skape nyttige alliansar og kanskje utvide flokken med husdyr. Viss det tiltenkte paret derimot går bort og forelskar seg, kan det stikke kjeppar i hjula for samarbeidet mellom gruppene. For tenk om ein av dei blir sjalu og ønskjer å gå frå den andre? Det kan føre til vondt blod mellom svigerfamiliane. Alliansen står dermed i fare for å havarere.

Nokre av desse prosessane finn vi mellom anna att hos masaiane i Aust-Afrika. Ekteskap er berre noko ein må gjennomføre, spesielt for kvinnene, og dei praktiske sidene trumfar kjærleiken. Alliansen og dei positive ringverknadane han fører med seg er viktigare enn alt anna.

Det kan skje at ekteparet kan utvikle kjensler for kvarandre. Vi kan heller ikkje sjå bort frå at kjenslene held fram, og at ekteskapet blir ein suksess for paret og for alliansen.

Et fotografi av en masaikvinne

Ekteskapet er ikkje gratis

Når to personar i moderne vestlege land giftar seg, følgjer det med ein pris. Bryllaupet kostar pengar, maten kostar pengar, og gjestane må koste på seg bryllaupsgåver. I det vi omtalar som tradisjonelle samfunn kan kostnadane ha ein annen funksjon enn å berre betale for sjølve gildet.

I ein del asiatiske land er det vanleg at brura og familien hennar bringar med seg medgift inn i ekteskapet. Medgifta er ei gåve av noko slag. Ho skal vege opp for at mannen si slekt varetar kvinna og alle dei utgiftene det måtte føre til. Medgifta spelar med andre ord ei viktig rolle for at ekteskapet skal gjennomførast, og ho bidreg til svigerfamilien sin økonomi.

For somme kan medgift vere ei stor utgift. Ei ny dotter kan føre til eit nytt ekteskap og tapte verdiar i form av medgift. Derfor finst det døme på at nyfødde jenter blir drepne. Sjølv om det ikkje skjer ofte, veit vi at det finst tilfelle av dette blant anna i India. I tillegg kan gravide kvinner få hint om kjønnet, noko som kan føre til at kvinna tek abort.

Mens medgift er noko brura og familien hennar må stå for, er brurepris brudgommen sitt ansvar. I nokre afrikanske samfunn må ektemannen si slekt betale brura sin familie for å overta kvinna si arbeidskraft og evne til å vidareføre slekta. Viss mannen si slekt ikkje klarer å oppdrive tilstrekkeleg med verdiar til brureprisen, står heile ekteskapet i fare for å bli oppheva. Dette kan til og med vere ei kjelde til konflikt.

På Ny-Guinea er det vanleg at bedaminimennene betaler kvinna si slektsgruppe ein brurepris. Det hender ikkje sjeldan at prisen er band og kjeder laga av hundetenner.

Brurepris handlar ikkje berre om kompensasjon for kvinna sine ferdigheiter. Brureprisen skaper eit band av gjensidig tillit mellom gruppene. På den måten kan dei hjelpe kvarandre viss det nokon gong blir nødvendig. På same tid kan brureprisen verke styrkande i brudgommen si eiga slekt. Nokre gonger må dei starte eit spleiselag for å få råd til å betale det familien til brura krev. Slike lån fører til at slektningane står i gjeld til kvarandre. Ei slik gjeld kan betalast i arbeidsoppgåver eller ei anna form for hjelpande hand.

Kva trur du?

Kan bryllaupsgåver i USA og Vest-Europa sjåast på som ein måte å vareta "alliansen" med brureparet på? Eller gir ein gåvene av ein annan grunn?

Ekteskap som verktøy

Som vi ser, har ekteskap blitt brukt som eit verktøy meir enn noko anna. Dei skaper alliansar, og det er alliansen sine fordelar som blir sett fremst. Kjærleik er ikkje hovudprinsippet. I tillegg kan ekteskapet ha ein økonomisk faktor, der anten brura eller brudgommen sin familie må bringe ein viss verdi inn i avtalen. På den måten får svigerfamilien noko igjen for å gifte bort barnet sitt.

Litteraturliste

Eriksen, Thomas Hylland (2004): Små steder – store spørsmål. Innføring i sosialantropologi. Oslo: Universitetsforlaget.

CC BY-SASkrive av Kai Arne Ulriksen.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Familie- og slektskapsordningar