Hopp til innhald

Fagstoff

Antropologien og det moderne

Før vi går inn på antropologisk slektskapsteori, kan det vere nyttig å kome med ei presisering knytt til antropologien og det moderne.
Et fotografi av høyblokker i Oslo.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Opptatt av slektskap

Sosialantropologar har i tiår etter tiår vore fascinert over den store variasjonen i måtar å rekne slekt på. Gong på gong har dei blitt slått over kor annleis og komplekse slektskapssystema er i det vi kallar for tradisjonelle samfunn, anten dei har vore blant den australske urbefolkninga eller hos kaguruane i Tanzania. Dei har forsøkt å finne ut kvifor slektskapssystema er slik dei er, og kva for funksjonar dei har.

Et fotografi av en aboriginerjente som utfører en tradisjonell dans.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Men...

Likevel må vi ikkje narre oss sjølve til å tru at forskjellane utan vidare berre kan splittast mellom moderne og tradisjonelle samfunn.

For det første har antropologar også gjort slektskapsstudiar i land vi tenkjer liknar på Noreg. Det viser at antropologar sitt interessefelt også grip inn i det moderne.

For det andre finst det forskjellar innanfor det vi tenkjer som den moderne, vestlege verda. I Noreg bruker vi til dømes onkel og tante om søskena til foreldra våre. Omgrepa seier ingenting om kva for side av slekta det er snakk om. I Sverige bruker dei farbror/morbror og moster/faster. På den måten definerer dei kven som høyrer til kva for side av slekta.

Variert interessefelt

Vi ser altså at sjølv om sosialantropologar i stor grad har forska på slektskapssystem i meir “eksotiske” strøk, betyr ikkje det at det ikkje finst variasjonar i dei områda vi reknar som ganske like Noreg.

Det betyr heller ikkje at antropologar ikkje er interesserte i korleis slektskap (og andre kulturelle fenomen) fungerer i den såkalla vestlege verda. Det er dei i aller høgste grad. I løpet av dei siste tiåra har mange sosialantropologar blant anna drive med såkalla urban antropologi.

Litteraturliste

Eriksen, Thomas Hylland (2004): Små steder – store spørsmål. Innføring i sosialantropologi. Oslo: Universitetsforlaget.

CC BY-SASkrive av Kai Arne Ulriksen.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Familie- og slektskapsordningar