Hopp til innhald

Fagstoff

Linjetyper for synlege og skjulte konturar

Det er ikkje berre kor vi teiknar strekane som betyr noko på ei teikning. Det finst fleire forskjellige strektypar som gir spesiell informasjon til den som les teikninga. Her ser vi på dei linjene som viser konturane på ein del. Ein kontur vil seie «knekkane» eller hjørna ein kan sjå og kjenne.

I eksempelet med harddisken har vi berre teikna dei konturane vi ser. Det er òg litt forenkla, sidan tilkoplinga for USB-kabel ikkje er med på teikninga. Når ein skal teikne med meir detaljar, må ein skilje mellom det ein kan sjå, og det ein ikkje kan sjå. Dette gjer vi ved å bruke ulike linjetypar.

  • Synlege konturar blir teikna med grov heil-linje. Denne linjetypen er ei samanhengande linje som er 0,5 - 1 mm brei. Denne linjetypen har prioritet før alle andre. Det vil seie at om der ligg en skjult kontur bak ein synleg kontur, skal ein berre teikne den synlege konturen. Ytterlinja på risset er ALLTID ein samanhengande synleg kontur.
  • Skjulte konturar blir teikna med fin stipla linje. Denne linjetypen er teikna som korte linjestykke som er 0,25 - 0,5 mm breie. Sjå eksempel under.

Handteikning med blyant

Viss ein teiknar med blyant, er det vanleg å ha trykkblyantar med ulik tjukkleik bly. Då er det 1,0 mm og 0,5 mm bly som blir brukt oftast. Når ein bruker dataprogram til å lage teikningar, blir teikninga skarpare og lettare å lese når ein bruker tynnare streker. Derfor er det vanleg å bruke 0,5 mm og 0,25 mm tjukke strekar. Forholdet mellom breidda på grov og fin linje skal alltid vere 2:1.

CC BY-SASkrive av Arild Haddal.
Sist fagleg oppdatert 06.09.2018

Læringsressursar

Teikningar