Fagstoff

Laktoseredusert kost

Publisert: 18.05.2015, Oppdatert: 05.03.2017

Hugselappen

Ved mjølkeallergi er det sjølve proteinet i mjølka ein ikkje toler, mens ved laktoseintoleranse er det innhaldet av laktose (mjølkesukker) i mjølka som kroppen ikkje tolererer i for store mengder.

 

Mjølkesukker finst berre i mjølk, mjølkeprodukt og matvarer som inneheld mjølk.

To jenter som drikk laktosemjølk. FotoLaktosefri mjølk må nyttast dersom ein har laktoseintoleranse.

Det er mange som meiner at dei ikkje toler mjølk, men berre ein liten del av desse har faktisk ein allergi eller intoleranse for mjølk. Og då er det som regel laktoseintoleranse det er snakk om.

 

Det er viktig å vere klar over at ein del mjølkeprodukt faktisk inneheld svært lite laktose. Dette gjeld til dømes gulost og andre faste kvite ostar.

 

 

Ung jente som et brødskive med laktoseredusert kvitost. FotoVed laktoseintoleranse kan vanleg kvitost nyttast som pålegg på brødskiva.   

 

Mangel på laktase

Dei som har laktoseintoleranse, har for lite laktase i tarmen. Resultatet er at mjølkesukkeret ikkje blir klipt opp og kan dermed heller ikkje bli soge opp i tarmen. Sidan mjølkesukkeret ikkje blir soge opp i tarmen, passerer det vidare til tjukktarmen. Tjukktarmen kan ikkje suge opp laktose, og mjølkesukkeret som kjem over i tjukktarmen vil derfor føre til irritasjon og diaré. Dei fleste vil òg vere plaga av magesmerter og luft i magen fordi mjølkesukkeret blir brote ned til gassar av bakteriar som finst i tjukktarmen.

Forbigåande laktoseintoleranse

Ein stor del av verda si befolkning manglar laktase, og har derfor laktoseintoleranse. Det er òg viktig å vere klar over at personar som elles ikkje har laktoseintoleranse kan ha ein forbigåande intoleranse for laktose i samband med, eller i etterkant av diaré. Laktase er nemleg eit enzym som sit ytst på tarmtottane, og ved diaré, cøliaki eller andre skadar på tarmen vil det ikkje bli produsert nok laktase, noko som fører til ein forbigåande laktoseintoleranse. Dette er grunnen til at personar med ubehandla cøliaki ikkje toler laktose før etter at dei har gått på glutenfri kost i ein periode slik at tarmen er lækt.

Ulik toleranse

I motsetnad til melkeallergi er det ikkje slik at dei som har laktoseintoleranse må halde seg heilt borte frå mjølkeprodukt. To personar som har laktoseintoleranse kan nemleg ha svært ulik toleranse for laktose. Mens enkelte som har laktoseintoleranse toler ein del mjølkesukker, finst det andre som reagerer på sjølv den minste mengde. Kosthaldet ved laktoseintoleranse må derfor tilpassast kvar einskild sin toleranse for mjølkesukker.

Prinsipp i kosten

Sjølv om toleransen for laktose er individuell, toler dei fleste 2-5 gram laktose per måltid utan å få symptom. Mange toler vesentleg større mengder.

Eit lite tips

På apoteket finst det:

  • enzymdråpar som spaltar laktose. Ved å tilsetje slike dråpar til mjølk og fløyte, vil 70-95 % av laktosen bli spalta.
  • enzymtablettar som kan brukast i situasjonar der ein veit at ein kjem til å ete laktosehaldig mat.

 

 

Råvarene kjøt, fisk og grønsaker. FotoDesse råvarene kan ein bruke i uavgrensa mengder i laktoseredusert kost.   

 

Bilete av eit hardkokt egg delt i to. FotoEgg er laktosefrie.  

Matvarer som inneheld mykje laktose

(bør unngåast av dei fleste)

  • mjølk
  • tørrmjølk
  • fløyte
  • is
  • brunost
  • prim
  • sjokolade
  • graut og andre retter som inneheld mykje mjølk

28 ulike norskproduserte mjølkevariantar som er laktosefrie. FotoHer er eit utval av norskproduserte og laktosereduserte mjølkevariantar som finst på marknaden.    

Laktosefrie matvarer

(kan etast fritt)

  • alle faste kvite ostar som Edamer, Gouda, Norvegia, Ridderost og Jarlsberg
  • smørbare smelteostar
  • soyais
  • soyayoghurt
  • rismjølk
  • havremjølk, bokkveitemjølk, sesammjølk, mandelmjølk
  • egg
  • margarin utan mjølk
  • matoljer
  • reine filetar av fisk
  • reine filtar av kjøt
  • frukt, bær
  • grønsaker, belgfrukter
  • nøtter, frø
  • gryn, mjøl, frukostblandingar
  • ris, pasta
  • syltetøy, sukker, sirup, honning

Matvarer med litt laktose

(dei fleste kan ete litt av dette)

  • smør
  • margarin
  • brød/bakevarer tilsett mjølk
  • laktoseredusert lettmjølk
  • leverpostei
  • cottage cheese
  • magre smøreostar
  • fiskekaker og fiskebollar
  • pølser