Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Planlegg ein ferietur

Vi kan ha stor nytte og glede av å planleggje ein ferietur. Her skal vi øve oss i å bruke kart og annan tilgjengeleg informasjon om reisemål både innanlands og utanlands.
Maldivenes hovedstad. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gå saman i grupper.

  1. Fortel om forventningane dine til ein utanlandsferie. Kva er feriedraumen? Kva må til for at du skal bli ein fornøgd turist?
  2. Vel eit reisemål utanlands. Bli samde om kvar de vil reise. Vel ferdigpakka tur eller «skreddarsaum». Grunngi valet av reisemål og reisemåte.
  3. Vel eit feriemål i Noreg, men utanfor landsdelen de bur i. De kan velje eit feriemål heilt fritt. Bli samde om kvar de vil dra, og grunngi valet.
  4. Kva er viktig for deg for å få ei god ferieoppleving? Spør venner og skulekameratar om kva dei legg vekt på. Be dei fortelje kva dei ventar seg av ein ferie, og kva som er feriedraumane deira. Drøft likskapar og skilnader i kva de meiner er ei god reiselivsoppleving.

Relatert innhald

Vi kan ha stor nytte og glede av å planleggje ein ferietur. Her skal lære meir om reisemål innanlands.

CC BY-SASkrive av Kjell Rosland.
Sist fagleg oppdatert 22.11.2017

Læringsressursar

Reiseliv