Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Vareleveringsverksemda

Eit prosessflytdiagram er eit diagram som viser stega i ein arbeidsprosess. Prosessflytdiagram blir også kalla for arbeidsflytdiagram eller berre flytskjema. I denne oppgåva skal du lage eit flytskjema for ein vareleveringsverksemd.
Kvinne med hodemikrofon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kari, Mari og Per jobbar i ei verksemd som sel varer. Kari jobbar på sentralbordet. Det er ho som tek imot bestillingane. Varebestillingane kjem både via brev og over telefon, men dei fleste kjem via e-post.

Det første Kari gjer når ho får ei bestilling, er å sjekke om det er frå ein tidlegare kunde. Er det ikkje det, skriv ho opp namn, adresse og poststad i kunderegisteret. Tidlegare var kunderegisteret ei skoeske med kort – eitt kort for kvar kunde. Men det er lenge sidan. No skriv Kari inn kundeinfoen på ei datamaskin.

Kjem bestillinga frå ein kunde med kundenummer (altså ein tidlegare kunde), registrerer ho bestillinga. Bestillinga går så til ordreregistret. Mari sjekkar om vara er på lager. Er ikkje vara på lager, gir ho kunden beskjed og sender ei bestilling til leverandøren.

Når verksemda får varer frå grossisten (leverandøren), pakkar Per opp kollia med varer og set dei inn i lagerhyllene, medan Mari oppdaterer lagersystemet.

Dersom dei bestilte varene er på lager, blir det skrive ut ein pakksetel på bakgrunn av informasjonen som finst i kunde- og ordreregistret. Per hentar varene på lageret, pakkar dei og sender pakken til kunden.

Oppgåve 1 (liten)

I beskrivinga står det: No skriv Kari inn kundeinfoen på ei datamaskin.

Lag eit flytskjema i Creately eller eit anna, tilsvarande, verktøy som viser detaljert kva ho gjer når ho tastar inn kundeinfo.

Oppgåve 2 (stor)

Teikne eit flytskjema over alle prosessane i verksemda. Teikne også inn dataflyten.

Relatert innhald

Prosessflytdiagrammet gjer det enklare å sjå heilskapen i prosessen og samanhengen mellom dei ulike stega og arbeidsoppgåvene.

CC BY-SASkrive av Kjell Arild Welde.
Sist fagleg oppdatert 01.10.2018

Læringsressursar

Kravdefinisjon