Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

i-Talk

Denne tverrfaglege heildagsprøva tar føre seg sentrale kompetansemål i alle tre programfaga. Tidsplan og organisering tilsvarer tverrfagleg eksamen og kan variere noko frå fylke til fylke.
Ung mann snakker i mobiltelefon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Situasjonsskildring

i-Talk sel mobiltelefonar med tilbehøyr i sentrum av Haugesund. Dei har vore kjende for å alltid ha eit stort utval mobiletelefonar på lager. Bedrifta har totalt sju tilsette, dei fleste av desse arbeider deltid.

Salet har tradisjonelt vore godt, men er dalande. Bedrifta slit også med svært låge marginar på varene. I tillegg er butikken belasta med litt dårleg arbeidsmiljø og mykje svinn.

Resultatrekneskapen for første kvartal 2011 viser at dei går med eit solid underskot. I tillegg har dei betalingsproblem i periodar.

Dagleg leiar Morten Mo prøver etter beste evne å vere oppdatert på trendar i bransjen, men han synest det er vanskeleg å hengje med. Nedanfor ser du resultatrekneskapen for 1. kvartal 2011:

Driftsinntekter

Varekostnad
kr 2 400 000

kr 1 714 286
Dekningsbidrag

Lønn
Husleige
Reklame
Avskrivningar
Andre driftskostnader
kr 685 714

kr 435 000
kr 90 000
kr 20 000
kr 100 000
kr 110 000
Driftsresultat
Finansinntekter
Finanskostnader
-kr 69 286
kr 2 500
kr 7 500
Resultat-kr 74 286

Oppgåve

Du skal hjelpe Morten med å:

  • lage ein ny marknadsmiks for bedrifta
  • lage rutinar for å redusere svinn i bedrifta
  • komme med tiltak for å betre arbeidsmiljøet
  • vurdere risikoen for konfliktar i butikken, og komme med eventuelle tiltak for å hindre alvorlege situasjonar
  • setje opp eit resultatbudsjett for 1. kvartal 2012 i samsvar med føreslåtte tiltak
  • komme med enkle tiltak for å betre likviditeten

Lag dine egne føresetnader der det manglar informasjon!

Vurdering

Kompetansemåla som denne oppgåva skal baserast på, finn du i tilknytning til denne nettsida. Lag ein presentasjon som inneheld stoff knytte til desse måla (eller delar av dei). Hugs at sjølv om ikkje alt frå desse læreplanmåla vil inngå i dykkar presentasjon, må de likevel kunne svare på spørsmål frå heile måla.

Lågaste nivå: 2Middels nivå: 3–4Høgaste nivå: 5–6

– gjere greie for modellar innanfor livssyklusen til produktet

– definere sentrale omgrep innanfor konkurransemiddel

– gjere greie for fasane i livssyklusen til eit produkt, knytt til konkrete produkt

– forklare verkemiddel brukte i ei konkret bedrift

– utvikle eit produkt vidare

– vurdere alternativ i kvar enkelt fase i livssyklusen til produktet

– diskutere fordelar og ulemper ved ulike verkemiddel knytte til konkrete produkt/bedrifter

– definere trendomgrep

– gjere greie for vidareutvikling av produkt

– gjere greie for utviklingstendensar og aktuelle trendar i samfunnet

– tilpasse produkta og tenesteleveransen til nye trendar

– vurdere trendar i utviklinga av ulike produkt og tenester, og tilpasse produkt og tenesteleveranse etter dei

– definere det ytre og det indre salsmiljøet

– definere profileringsomgrepet

– føreslå tiltak i det fysiske ytre og indre salsmiljøet som fremmar profilering og sal av varer og tenester – grunngi og vurdere føreslåtte tiltak

– gjere greie for prosessar knytte til konflikthandtering

– definere konfliktomgrepet

– gjere greie for konfliktrisiko i situasjonar som for eksempel, personalkonflikt, mobbing, fysiske konfliktar, ran, innbrot, tjuveri osv.

– føreslå tiltak for å førebyggje konfliktar

– føreslå tiltak for å handtere konfliktar

– grunngi tiltak for å førebyggje konfliktar

– grunngi tiltak for å handtere konfliktar

– gjere greie for trusselbildet i ei sjølvvald bedrift

– gjere greie for risikoreduserande utstyr

– gjere greie for veikskapar i tryggleiken i ei sjølvvald bedrift– vurdere samanhengen mellom trussel og tiltak i ei sjølvvald bedrift
– forklare omgrep brukte i samband med resultatbudsjett og likviditetsbudsjett

– utarbeide resultatbudsjett og likviditetsbudsjett

– kunne forklare forskjellen på likviditetsbudsjett og resultatbudsjett

– grunngi forskjellen mellom inntekt og innbetaling og mellom kostnad og utbetaling, til dette høyrer å analysere og vurdere budsjettet

– kunne vurdere tiltak for ev. å betre resultatet og/eller likviditeten i ei bedrift

– forklare sentrale omgrep knytte til leiing, samarbeid og bedriftskultur

– gjere greie for ulike former for leiing

– gjere greie for ulike former for samarbeid

– forklare bedriftskulturen i ulike organisasjonsformer

– utarbeide organisasjonsmodellar og gjere greie for fordelar og ulemper ved dei

– forklare korleis bedriftskulturar blir skapte og påverka

– vurdere leiinga i ulike organisasjonar

– vurdere ulike former for samarbeid

– vurdere bedriftskultur og føreslå tiltak for å utvikle han vidare

CC BY-SASkrive av Gunnstein Koch.
Sist fagleg oppdatert 14.05.2018

Læringsressursar

Tverrfaglege oppgåver og heildagsprøver