Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Vektaroppdrag

I denne oppgåva er du tilsett som vektar på eit kjøpesenter. Kvar dag må du ta utgangspunkt i relevant regelverk og fokusere på etiske normer i tryggingsarbeidet ditt. Vidare må du handtere og løyse konfliktsituasjonar. Ein kunde svimar av og du får bruk for det du har lært om førstehjelp.
Vektere på kjøpesenter
Opne bilete i eit nytt vindauge

Du er tilsett som vektar på eit kjøpesenter. I løpet av ein arbeidsdag skal du ta deg av følgjande arbeidsoppgåver:

Ein tilsett i ein butikk varslar deg om at ein gut i 13–14-årsalderen har putta ein dvd i innerlomma og er på veg ut mot kassa.

Oppgåve

a) Kva gjer du?

Guten nektar for å ha teke noko. Han vil ikkje la seg ransake. Han nektar å fortelje namnet sitt, og han nektar å følgje med til butikksjefen sitt kontor.

b) Gjer greie for kva du har rett til å gjere som vektar, og kva du bør gjere. Du skal grunngi alle vala du gjer, og du skal vise til lov og paragraf der du kan.

Etter at dette oppdraget er løyst, blir du kalla til ein daglegvarebutikk i senteret. Ein person som sit i kassa, blir truga av ein person som er der for å kjøpe øl. Kunden har i utgangspunktet tenkt å kjøpe tolv flasker, men har ikkje pengar til meir enn ti. Då han oppdagar dette, blir han sint og knuser to av flaskene på golvet i butikken. Personen er tydeleg rusa og verkar psykisk ustabil. Mange av dei som står i same køen, blir skremde. Butikksjefen er tilkalla og ønskjer å vise vekk personen. Då oppstår ein heftig krangel mellom butikksjefen og den rusa kunden, og kunden trugar butikksjefen. Den rusa kunden er ein kjenning i området, og det er sannsynleg at han har ein kniv på innerlomma.

c) Du blir tilkalla for å løyse konflikten. Fortel om korleis du bør førebu deg, og kva du vil gjere.

Etterpå får du besøk av sjefen din i vaktselskapet. Han spør deg om kvifor du valde å gjere det du gjorde.

d) Fortel kva du vil seie til han.

Etter at du har løyst dette oppdraget, misser ein av kundane medvitet og blir liggjande på golvet i butikken. Du kjenner ikkje kunden og veit ingenting om kva som har skjedd.

e) Kva vil du gjere, og kvifor vel du å gjere det du gjer?

På veg heim etter jobb sit du på med ein kollega. De diskuterer etiske normer i arbeidet og er usamde om kva de meiner er rett og gale i ulike situasjonar i jobben.

f) Nemn nokre døme på etiske normer som ein vektar på eit kjøpesenter må ta omsyn til.

Vurdering

Når svaret ditt blir vurdert, blir det lagt vekt på om du har oppfylt desse punkta:

Nivå 1Nivå 2Nivå 3
Kjenne til relevant regelverk og etiske normer i tryggingsarbeid.Bruke relevant regelverk og etiske normer i tryggingsarbeidet.Vurdere korleis og når relevant regelverk og etiske normer i tryggingsarbeid skal brukast.
Kjenne til tiltak som kan førebyggje og løyse konfliktsituasjonar.Føreslå tiltak i ein bestemt konfliktsituasjon.Vurdere val av tiltak i ein bestemt konfliktsituasjon.
Ha kunnskap om førstehjelp.Fortelje korleis du vil bruke kunnskap om førstehjelp i bestemte situasjonar.Vurdere kva som er riktig å gjere, og kvifor, i bestemte situasjonar.
CC BY-SASkrive av Sigmund Bårdvik.
Sist fagleg oppdatert 14.05.2018

Læringsressursar

Tverrfaglege oppgåver og heildagsprøver