Fagstoff

Spania

Publisert: 08.07.2013, Oppdatert: 25.08.2017

Siluett av en spansk kampokse  

Vinlandet Spania

Kart over vinområda i SpaniaKart over vinområda i Spania

 

Bilde av druetråkking.Vinhaustfestival

 

Bilde av Castillo de Peñafiel.Castillo de Peñafiel, Ribera del Duero, Spania

I Spania har det vore vinproduksjon i godt over 2000 år. Men under okkupasjonen frå arabarane frå cirka 770 e.Kr. blei det ein tilbakegang. Muhammeds forbod mot alkohol førte til at mange vinstokkar blei rykte opp. Då denne perioden var over, blei det planta på nytt, og først på slutten av 1400-talet begynte vinproduksjonen å ta seg opp igjen. Sidan har spanjolane vore med og spreidd vinplanten ut over verda. Etter kvart som dei erobra nytt land i den «nye verda», Sør- og Mellom-Amerika, følgde prestane etter med vinstokkar. Offisielt erobra dei desse landa for å kristne heidningar, og då trong dei vin til nattverden.

Spania er det landet i Europa som har størst areal til vindyrking. Likevel ligg det «berre» på tredjeplass når det gjeld produksjonsmengda. Dette skriv seg mellom anna frå lite nedbør og større avstand mellom plantane, noko som gir lita avkastning.

Vanningssystemer

Eit unntak er Costers del Segre som EU har gitt forsøksstatus. Her er det lagt automatiske vatningssystem. Temperaturen i området vekslar mellom frost på vinteren og 35–40 varmegradar om sommaren. Etter EU-reglane er kunstig vatning forbode i Spania. Men argumentet er at vatnet blir brukt som ein temperaturregulator. Det hindrar frostskadar om vinteren og at plantane blir svidde når temperaturen kjem over 35 gradar om sommaren.

Den største vinregionen

På høgsletta La Mancha finn vi den største vinregionen i landet. Her skjer det ein del gammaldagse dyrkings- og produksjonsmåtar som gir låg avkastning og god kvalitet. Ting er likevel på gang, og moderniseringa er begynt for alvor, så vi vil nok sjå framskritt når det gjeld avkastning.

Vinloven

bilde av en flaske med riojavinRioja-vin - Vina Ljalba, Solferino 2001 

 

Bilde av en flaske med Codorniu Brut Reserva Raventos.Codorniu Brut Reserva Raventos

 

 

Bilde av forskjellige tapas.Tapas

 

Loven er bygd opp på same måten som den franske og italienske og blir kalla Denominación de Origen, DO. Systemet blir kontrollert av ein kontrollkomité, Consejo Regulador, som finst i kvar vinregion. Kvar region har sitt spesielle stempel som er gitt opp på etiketten, sjå illustrasjonen. I gruppa landvin finst det to typar: vino comarcal og vino de la tierra.

Denominatión de Origen Calificada (DOC)

Denne klassen blei oppretta i 1991 og har svært strenge krav til avkastning, druetypar og tapping hos produsenten mellom anna. Hittil er det berre vinar frå Rioja som er funne verdige til denne.

Denominación de Origen (DO)

Denne klassen er omtrent på linje med franske AOC og er hovudklassifiseringa av kvalitetsvinar i Spania. Han omfattar mellom anna planting, dyrking, hausting, vinifisering og lagring.

Vino Comarcal (VC)

Dette er vinar med lokalt tilsnitt, men svarer elles omtrent til franske vin de pays.

Vino de la Tierra (VdlT)

Dette er landvin og skal omtrent svare til franske vin de pays, men består for ein stor del av vinar som har moglegheiter til å rykke opp til DO, og kvaliteten blir gjerne noko høgare.

Vino de Mesa

Denne gruppa inneheld vinar som ikkje har årgang eller er knytte til ein spesiell region. Vinen kan gjerne vere ein blandingsvin frå forskjellige regionar. Det kan likevel òg vere vin frå produsentar som ikkje følgjer vinloven, eller som bruker druer som ikkje er godkjende. Somme av desse kan vere utmerkte vinar på linje med dei italienske «superbordvinane». 

Spania har òg standardiserte reglar for lagringslengd: 

Crianza kan seljast etter 2 års lagring, med 1 år obligatorisk på trefat.
Reserva kan seljast etter 3 år, med 1 år på fat og 2 på flaske.
Gran Reserva kan seljast etter 5 år, med 2 år på fat og 3 på flaske.
Kvite Gran Reserva
kan seljast etter 4 år med minst 6 månader på fat.

Relatert innhald