Hopp til innhald

Fagstoff

Bruk av billettmaskiner ved persontransport

Her lærer du at billettmaskiner både registrerer betalingsinformasjon og samlar trafikkstatistikk.
Betalingsautomat i buss.foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein billettmaskin er ikkje lenger berre ei maskin som skriv ut ei kvittering for kvar billett som blir løyst, han registrerer òg trafikkdata. Billettmaskiner er i dag programmerte til å automatisk registrere elektroniske billettar som er gyldige ut frå takstregulativa til kvar enkelt fylkeskommune.

Nokre slike elektroniske billettar er personavhengige, andre er personuavhengige. Personavhengige billettar har som regel bilete av den personen billetten gjeld for. Slike billettar kan til dømes vere månadskort eller halvårskort som gir store rabattar for den reisande. Dermed oppstår det òg risiko for misbruk ved at fleire personar deler på same kort. Vaktselskap gjer normalt stikkprøvekontrollar for å avdekkje misbruk og manglande betaling. Kontrollørane er då utstyrte med mobile billettkortlesarar.

Bokføringslova krev at alle transaksjonar skal registrerast og vere moglege å spore. Dette betyr at alle billettinntektene som er knytte til ein enkelt sjåfør, må kunne sporast tilbake til ein seljar (sjåfør). Sjåførar må derfor registrere seg ved å logge inn på billettmaskina ved starten av kvart skift og logge ut etter at skiftet er over. I tillegg må sjåførar skrive ut ei kvittering som viser inntektene frå skiftet som dokumentasjon av salet. Denne dokumentasjonen skal finnast i minst to eksemplar. Sjåføren skal ha kvittering for det beløpet som er betalt inn, og selskapet skal ha dokumentasjon til rekneskapen. Bruker du nettbank, skal også banken ha ei kvittering.

Pengebeløpa som sjåføren har teke imot på eit skift, skal ho eller han betale inn til selskapet. Det beløpet som er betalt inn, skal svare til summen av beløpa som ifølgje billettmaskina er betalte inn kontant.

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 03.01.2019

Læringsressursar

Betalingssystem