Hopp til innhald

Fagstoff

Informasjonsberarar

Vi får stadig nye informasjonsberarar. Her lærer du om dei vanlegaste og om korleis teknologien driv fram nye informasjonsberarar.
Mobilapp sjekker innhold i kosmetikk som står på en vask. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi har dagleg behov for å forstå skriftteikn og symbol, og vi har også behov for å kunne formidle informasjon til kvarandre. Når vi står ansikt til ansikt med den vi kommuniserer med, bruker vi språket vi har lært, og kommuniserer munnleg.

For å kommunisere over avstand treng vi hjelp av andre informasjonsberarar. Tradisjonelt har vi brukt skriftteikn på papir som den viktigaste informasjonsberaren vår. Så fekk vi skrivemaskiner og seinare PC-ar og mobiltelefonar.

Ei melding som er skriven ned, inneheld mange teikn, og til saman representerer teikna informasjon. Tradisjonelt har ein avsendar sendt ei melding til ein mottakar som vanleg post. Men dette er både arbeids- og tidskrevjande.

Vi kan gjere om handskrivne eller maskinskrivne teikn til elektroniske teikn på fleire måtar. Elektroniske teikn kan formidlast på brøkdelssekund.

  1. Vi kan gjere om tekst skriven med tal, bokstavar eller andre symbol til elektroniske teikn ved bruk av OCR-skannarar (Optical Character Recognation). Slike skannarar har for låg lesenøyaktigheit til at dei kan nyttast til å registrere varenummer eller postnummer i høgt tempo ved sortering av gods og post.
  2. Ved å gjere om tal, tekst eller symbol til strekkodar får vi betre lesehastigheit og lesenøyaktigheit ved bruk av strekkodelesarar. Eindimensjonale strekkodar inneheld avgrensa informasjon, og vi kan utvide informasjonsmengda ved å bruke todimensjonale strekkodar. I dag kan vi bruke mobiltelefonar til å lese todimensjonale strekkodar (QR-koder – Quick Response) ved å laste ned QR-appar. Ein QR-kode kan innehalde informasjon som automatisk tek deg til ein bestemt nettstad. Derfor bruker mange slike kodar til marknadsføring.
  3. Vi kan også lagre informasjon i ei magnetstripe, ein chip (smartkort eller RFID-brikke), eit USB-minne, eit flashminne eller andre eksterne lagringsmedium eller på harddiskenpå ein vanleg PC. Informasjon som er lagra på slike informasjonsberarar, kan vi utveksle med andre via mange teknologiar.
Strekkode med rødt lys fra skanner. foto.

For å hente ut informasjon frå ein informasjonsberar treng vi skannarar med riktig programvare. Skannarar for å lese magnetstripekort og smartkort kallar vi ofte for betalingsterminalar. I kollektivtransporten kallar vi skannarane for billettmaskiner. Skannarar for lesing av strekkodar kallar vi for strekkodelesarar. Informasjon som er lagra på datamaskiner, kan vi utveksle ved å kople datamaskiner i nettverk.

Ved å bruke elektroniske informasjonsberarar treng vi berre å registrere grunndata éin gong. Dermed reduserer vi risikoen for feil informasjon, og vi sparer mykje arbeid ved å unngå dobbelregistrering av informasjonen som skal utvekslast.

CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 10.12.2018

Læringsressursar

Kommunikasjonsteknologi