Både service- og vedlikehaldspersonell, administrativt personell og sjåførar er med på å oppfylle behova som passasjerane har. Service- og vedlikehaldspersonellet bidreg med reine og driftssikre bussar. Det administrative personellet bidreg til dømes med rutehefte og riktig bemanning av ruteavgangane ut frå tidtabellane. Sjåførane bidreg i kraft av seg sjølve under køyreturen, og dei bidreg også med informasjon om riktig bruk av hjelpemidla i bussen.
Figuren under illustrerer korleis dei ulike partane er med på å oppfylle transportbehovet til kundane.
Eit transportoppdrag består av ei kjerneteneste med tilleggstenester. Kjernetenesta er sjølve transporten frå A til B. På figuren er kjernetenesta illustrert ved den gule trekanten. Vidare ser du ein sirkel med tre blå sekantar. Desse illustrerer at tre partar bidreg med tilleggstenester: service- og vedlikehaldspersonellet, sjåføren og administrasjonen elles. Feilfrie tenesteleveransar frå alle tre partar er nødvendig for å oppnå tilfredse kundar.
I situasjonar der fylkeskommunar har kjøpt kollektivtransport ved ein anbodskonkurranse, er transportadministrasjonen i fylkeskommunane også ein del av støtteapparatet. Då får vi fire partar som bidreg for å gjere kundane tilfredse. Fylkeskommunane bestemmer i slike situasjonar rutetilbodet, fastset tidstabellen og takstsystemet. Denne informasjonen annonserer dei både på papir og på Internett. Dei utformar også delar av infrastrukturen, til dømes haldeplassane med leskur og rutetavler.