Hopp til innhald

Fagstoff

Organisering av budsjettarbeidet

Ei god organisering av budsjettarbeid er heilt nødvendig. Jo større bedrifta er, desto viktigare er det. Leiinga bør finne ein god balansegang mellom å styre budsjettarbeidet og samstundes gi dei tilsette eit reelt høve til sjølv å påverke arbeidet.
Forretningsmann
Opne bilete i eit nytt vindauge

Organisering og leiing

Om alt budsjettarbeidet blir diktert ovanfrå og ned – utan at dei tilsette som sit med aktuell kompetanse, får bidra på ein måte dei føler er meiningsfull – vil truleg verken budsjettet eller resultatet neste år bli tilfredsstillande.

Eit slikt budsjett vil kjennast som ei tvangstrøye. Dei tilsette vil miste noko av gneisten i arbeidet.

Visss dei tilsette får eit reelt høve til å påvirke, vil dei få eit eigeforhold til budsjettet og eit sterkt ønske om å bidra til at bedrifta når måla dei har sett i fellesskap.

Per Leiar har lang erfaring med god organisering. Han er den mest kompetente personen til å vurdere moglegheitene i marknaden for neste år. Han har også lang erfaring i bransjen og er den som representerer firmaet i dei fleste samanhengar. Men han veit at budsjettet blir best når han speler på lag med dei tilsette og gjer nytte av den spisskompetansen kvar enkelt har. Derfor har han sett seg nokre overordna mål som han vil leggje fram for kollegaene sine.

I oktober månad kallar han dei fem avdelingsleiarane saman til eit møte for å setje i gang arbeidet med budsjettet for neste år. På møtet blir arbeidsoppgåvene fordelte slik:

  • Salssjef – Nina Sal skal utarbeide ei skisse over dei moglege inntektene neste år.
  • Montørleiar – Ivar Montør skal bidra med informasjon om inntektene knytt til montasje.
  • Innkjøpssjef – Birger Innkjøp vil på grunnlag av desse inntektene lage eit kostnadsframlegg for vareforbruket.
  • Rekneskapssjef – Ulla Rekneskap vil på grunnlag av inntekst- og kostnadsoversiktene rekne ut storleiken på dei faste kostnadene.
  • Nils It-assistent vil sy alt dette saman i eit rekneark. Han elskar å bruke Excel og meistrar det meste innan modellar og formlar. Men han er også flink til å gjere oppsettet brukarvennleg.

Møtet blir heva, og alle set i gang med arbeidsoppgåvene sine.

Tenk over

Diskuter fordelar og ulemper med å involvere dei tilsette i budsjettprosessen.

CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 16.05.2018

Læringsressursar

Budsjettering