Hopp til innhald

Fagstoff

Behandling av passasjergrupper med spesielle behov

Her lærer du korleis vi må ta spesielle omsyn til passasjergrupper med spesielle behov.
Rullestolbruker på flyterminal. foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Passasjerar kan ha ulike fysiske funksjonshemmingar, og mange treng ekstra hjelp når dei er ute og reiser. Følgjande grupper har spesielle behov:

  • passasjerar med fysisk funksjonshemming
  • passasjerar som er avhengige av stokk eller krykkjer
  • passasjerar med rullator
  • passasjerar med rullestol
  • blinde og svaksynte
  • døve og høyrslehemma
  • passasjerar med psykisk utviklingshemming
  • eldre passasjerar
  • barn som reiser aleine
  • rusa passasjerar

Som profesjonell transportmedarbeidar bør du ikkje vere tilbakehalden med å spørje om ein passasjer treng hjelp. Men for å stille tillitvekkjande spørsmål treng du kunnskapar om dei ulike behova til passasjergruppene.

Passasjer med spesielle behov
CC BY-SASkrive av Gunnar Ottesen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 30.12.2018

Læringsressursar

Passasjerterminalar