Hopp til innhald

Fagstoff

Søkjarlister og avslagsbrev

Det å lyse ut nye stillingar krev gode rutinar. Men det er når alle søknadene kjem inn, at behovet for systematikk verkeleg gjer seg gjeldande. Gode system bidreg til å sile ut dei best kvalifiserte. Dessutan sparer det tid både for søkjarane og for bedrifta.
Person er dekket av en stor bunke med papir. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Søkjarliste

Det er til stor hjelp å registrere alle søknadene i ei søkjarliste basert på kandidatens søknad, vitnemål og attestar. Ei søkjarliste kan sjå slik ut:

Namn

Alder

Adresse

Utdanning

Praksis

Ei slik oversikt lettar det vidare arbeidet og gjer det lett å markere korleis den enkelte søkjaren ligg an samanlikna med dei andre. Når det er behov for det, kan vi hente fram meir detaljerte opplysingar frå vedlegga.

Alle søkjarane bør få ei stadfesting på at søknaden er motteken, og beskjed om når dei kan forvente tilbakemelding.

Ei grovsortering vil vise kven som er uaktuelle. Desse bør straks få eit høfleg avslagsbrev. Det er hensynsfullt å sende alle vedlegga i retur, slik at dei kan brukast på nytt.

Gruppearbeid
Diskuter det same som over, men no er det ei stilling som seljar innanfor bilbransjen som er utlyst.

Kva kriterium har endra seg? Er det alltid utdanning det skal leggjast mest vekt på?

Søkeliste, tegneserie
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Oddvar Torgersen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 08.05.2018

Læringsressursar

Rekruttering, tilsetjingar og personalutvikling