Hopp til innhald

Fagstoff

Kjetting

Til tyngre kolli som stein, stål og betong (SSB) bruker vi helst kjetting når vi skal sikre lasta. Her skal vi lære litt om kjetting og korleis vi bruker det på ein sikker måte.
Langlenka kjetting på ei betongblokk. Foto.

Kjetting til lastsikring

Til sikring av last nyttar vi normalt kortlenka kjetting. Det vil seie at diameteren på kjettingløkka målt innvendig ikkje overstig tre gonger diameteren på materialet i kjettingløkka. Bruk av langlenka kjetting er forbode på stein, stål og betong. Det står lite om kjettingar i regelverket, men i standard NS-EN-12195-3, Lastsikring på kjøretøy – Sikkerhet. Surringkjettinger, er det presist beskrive. For tømmertransport er det etter denne europeiske norma tillate med ein løkkediameter på opp til seks gonger diameteren av materialet.

I alle tilfelle må kjettingen som blir nytta, vere merkt, for elles veit du ikkje kor mykje han toler. Vanlegvis finn du merkinga på eit metallskilt som er festa i nærleiken av enden. Kjettingen skal vere av Grade 80-kvalitet (8G) eller betre. Grade 100 er betre enn Grade 80.

Viss du klikkar på lenka om surrekjetting i margen, vil du sjå ein belastningstabell for kjetting.

Kontroll av kjettingen

Når du skal kontrollere om ein kjetting er overbelasta, bruker du ein tolk. Ein tolk er ein metallbit som du bruker for å måle kjettingløkka innvendig. Tolken kan også fungere som merkebrikke. Går ikkje tolken inn på tvers, er kjettingen overbelasta. Går han inn på langs, tyder det også på at kjettingen har vore overbelasta. Du skal også sjekke at ikkje løkkene er deformerte eller har sprekkar, og at slitasjen ikkje er for stor.

Når kjettingen ikkje er i bruk, bør han lagrast tørt.

Tilpassing av kjettingen

Ein kjettingstrammar består av ein skrue og ei mutterhylse. Når desse er i bruk og blir utsette for vêr og vind, kan dei ruste og bli trege. Ha derfor litt smørjemiddel tilgjengeleg, slik at du kan smørje skruen ein gong iblant. Då vil utstyret bli lettare å jobbe med. Det er viktig at strammaren passar til dimensjonen på kjettingen. Bruk berre utstyr som passar saman.

Det same varsemdkravet gjeld når du bruker kjetting, som når du bruker surreband av fiber. Legg noko over skarpe kantar og etterstram etter ei tids køyring.

Strekkfisk brukt som kjettingstrammar. Foto.
CC BY-SASkrive av Per Haukeberg. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 16.01.2019

Læringsressursar

Lastsikring