Hopp til innhald
Nynorsk

Mitt yrkes- og utdanningsval

Det finst tusenvis av ulike yrke og utdanningsval. Kva skal du velje? Kva vil du bli?

Kva skal du bli?

For somme er det eit djupt personleg val, for andre er det ikkje like viktig – dei kan ta mange ulike utdanningar og trivst i mange ulike yrke. Same kor sikker du er på kva du vil bli, så kan det vere nyttig å utforske ulike alternativ.

Jo meir informasjon du har om ulike yrkes- og utdanningsval, og jo meir du har reflektert over kva som passar for deg, jo lettare er det å ta eit rett val. Sjølv om du veit akkurat kva du vil bli, kan det hende at du ikkje trivst når du faktisk begynner å jobbe, og då kan det vere fint å ha nokre alternativ. I dagens arbeidsliv er det mange som byter yrke og tek ny utdanning.

I denne casen skal du undersøke ulike yrkes- og utdanningsval. Læringsstien "Mitt yrkes- og utdanningsval" fungerer som ein introduksjon til temaet. I denne læringsstien skal du

  • utforske ulike yrke og utdanningar

  • få råd og tips om korleis du kan finne eit yrke og ei utdanning som passar for deg

  • diskutere fordelar og ulemper med ulike yrkes- og utdanningsval

  • reflektere over kva som kjenneteiknar ein meiningsfull jobb, og kva for yrkes- og utdanningsval som passar for deg

De kan gå gjennom alle oppgåvene og artiklane i læringsstien, eller velje ut enkelte delar.

Mange av artiklane og oppgåvene i dette tverrfaglege emnet er laga i samarbeid med VIP Psykisk helse i skolen.

Skrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist oppdatert 03.02.2026