I: Intervjuar
T: Tore Andre Ringvold
E1–E8: Elevar frå KDA
---
I: Hei, alle saman, og hjarteleg velkommen til denne podkasten. Dagens tema er kunst, KI og skapande prosessar. Namnet mitt er Oda Weider-Krog. Eg er så heldig å få leie denne podkasten, og med meg i samtalen er du, Tore Andre Ringvold frå OsloMet. Velkommen!
T: Takk, takk.
I: Du er jo universitetslektor.
T: Ja.
I: Og så veit eg at du faktisk har forska på KI.
T: Ja.
I: Det er veldig spennande.
T: Absolutt, det synest vi òg.
I: Ja.
T: Eg har vore så heldig at eg, saman med nokre kollegaer, har utforska spesielt tekst-til-bilete-generering, og korleis det kan brukast i læringsprosessar i skapande arbeid.
I: Når vi snakkar om KI, så er jo det ganske nytt. Vi er ferske brukarar. Det er kanskje mange som endå ikkje heilt veit kva det er. For det er jo veldig abstrakt. Så då tenkte eg sånn: Når du høyrer “KI”, og du har forska på det, kan du seie med litt enkle ord kva KI er? Og så kan vi gå inn i korleis ein kan bruke det.
T: Ja, altså KI er kunstig intelligens. Kort fortalt har det komme, det har jo eksistert lenge, men no har det komme ein del verktøy og program som bruker den teknologien som kan hjelpe oss med å skape ting som tilsynelatande er laga av menneske.
Og i biletsamanheng har det komme eigne program som blir kalla tekst-til-bilete-generering, der du rett og slett plottar inn noko tekst, skriv inn noko tekst, og så får du eit bilete som resultat.
I: Så då kan eg bruke tekst-til-bilete-programmet i KI, og så skriv eg til dømes “sorgtung dag med …” Er det rett at eg då plottar inn nokre ord? “Ein rosebusk som er vissen og skal symbolisere sorg”, til dømes?
T: Og det som er veldig viktig, er å skjønne at det er ingen på den andre sida. Når du skriv tekst, så får du det du skriv. Det er eit resultat av det du skriv.
I: Ja.
T: Og det som veldig mange kanskje gjer litt feil i byrjinga, er at ein er litt ukritisk, ein har ein tanke i hovudet, du ser for deg eit bilete, og så skriv du inn ein tekst og forventar kanskje det biletet du har inni hovudet ditt. Men det blir litt som å prøve å teikne og vere skuffa over at det ikkje blei sånn som du ønskte det.
Så det er viktig å vere veldig kritisk til kva du skriv, og du må vere veldig beskrivande. Du må forklare motivet veldig akkurat og bruke veldig mange spesifikke ord. Og så må du òg tenke på korleis uttrykket skal vere, stilmessig, til dømes. Men du kan òg, det kan jo vere i fotosamanheng, bruke linsespesifikke nemningar, ikkje sant? Alt som hjelper maskina og systemet til å forstå kva det er du prøver å få til. Det kan vere lurt.
I: Ja. KI og idéutvikling, det er jo ein spennande kombinasjon.
T: Ja, og kanskje det er der det er mest nyttig.
I: Ja, at KI liksom ikkje skal vere med deg og lage, som du sa, dette konkrete eine biletet, men at KI er med deg eigentleg som ein kollega.
T: Ja, ein sånn sparringpartnar.
I: Sparringpartnar i den skapande prosessen.
T: Nei, det kan jo vere veldig nyttig til dømes til å prøve å sjå variantar innanfor noko. Sei at du har ein idé, og så kan du be om ulike variantar. Du lagar ein versjon i den stilen eller i den stilen. Men så kan du òg kombinere verktøya, både tekst-til-bilete og tekstgenerering. Og så kan du ha reine samtalar rundt andre måtar ein kunne gjort ting på.
I: Ja, rett og slett diskutere med KI?
T: Diskutere idéane dine, rett og slett, ja, med KI.
I: Er det noko som er viktig å hugse på då, ettersom det trass alt ikkje sit noko menneske der?
T: Ja, ikkje ta for god fisk det du får servert tilbake.
I: Ver kritisk til samtalepartnaren.
T: Ja, ikkje sant. Og viss du til dømes ber om noko i stilen til ein kunstnar, så er det ikkje sikkert at det stemmer heilt, at du føler at det er rett. Viss du skal ha noko i impresjonistisk stil, men så var det kanskje ikkje eit veldig typisk impresjonistisk verk du fekk, då.
I: Nei, ikkje sant, du kan bli litt lurt?
T: Ja, men då kan det vere greitt å dobbelsjekke med andre kjelder du finn. Viss du ser nokre døme og tenker “Jo, det skal stemme godt". Men det eg trur er viktig, er å vere kritisk og prøve å sjå ulike måtar å bruke det på.
Men før du set i gang, kan det vere veldig lurt å tenke godt over: “Kva er formålet mitt med det her? Kva skal eg bruke det til? Fordi det er jo eit veldig kraftfullt verktøy, men ein må vere veldig kritisk til kva det skal hjelpe deg med. Å prøve å gå utanfor det at han berre skal hjelpe deg til å skape eit bilete, og at med det biletet han gir deg, då er vi ferdige. Det er mykje meir spennande å sjå på andre måtar å bruke KI på. Til dømes til å prøve variasjonar innanfor noko. Ja, få andre måtar å sjå noko på, då. Eller som ein del av ein prosess, til dømes i idéfasen.
I: Ja, ikkje sant? Bruke det som inspirasjon.
T: Ikkje sant, spesielt som inspirasjon, til dømes viss du er ute etter eit spesielt uttrykk, ikkje sant, og berre vil ha litt hjelp til å visualisere måtar å gjere det på.
I: Ja, men er ikkje det juks?
T: Nei, det vil eg ikkje seie.
I: Leiande spørsmål! Men det er jo nettopp fordi det er så nytt, og vi menneske er jo skeptiske til endring. Det er liksom noko skummelt, og nettopp som du seier, det er jo ingen i den andre enden. Det er eit digitalt univers som liksom er abstrakt og vanskeleg å få has på. Derfor trur eg at den skepsisen, som kanskje er ein sunn og naturleg skepsis, at kanskje nokre av elevane kjenner sånn ”Ja, men viss eg bruker KI for å få inspirasjon, då?” Eller, viss ein står fast, og så bruker du KI, og "Ok, det er sånn det skal vere”. At kanskje nokre kjenner på sånn “Ja, men no har eg jo fått hjelp, så då er det ikkje 100 % mitt, eg har juksa.
T: Eg håper jo at folk tør å søke hjelp, generelt.
I: Ja, så på spørsmålet mitt, er det juks å bruke KI?
T: Nei.
I: Nei, for det handlar om korleis vi tenker rundt det som ein nyttig reiskap og verktøy. Du har jo ein pensel, du har paletten. Det er jo òg hjelpemiddel viss du skal måle.
T: Ja.
I: Men at vi då … Det er jo ei tankeøving, då.
T: Ja, eg trur det kan samanliknast veldig, og det har vi vore litt opptekne av i forskinga. Det som sette det i gang, var på ein måte refleksjonen rundt at denne teknologien representerer veldig mykje det som fotografiet gjorde i si tid. Ein kan sjå det sånn fordi kunsten forandra seg då fotografiet kom, og ein blei oppteken av heilt andre ting enn å dokumentere verkelegheita. Så kanskje òg KI no representerer ein teknologi som gjer at vi kan få endra kunstuttrykka, og at kunstuttrykka kan bli endå meir spennande.
I: Ja, og så er det jo dette med at når de bruker KI som eit visuelt verktøy når de skaper kunst, så kan jo plutseleg KI bli med på faktisk å fin-tune det personlege kunstnariske uttrykket ditt.
T: Det kan i alle fall hjelpe deg. Du får eit veldig kraftfullt verktøy til fort å få sjå resultata av det du prøvar å få til. Men det er veldig viktig å få fram at det er ganske mange avgrensingar òg i det uttrykket. Og det er veldig avhengig av kva type verktøy og kva slags type program du bruker. Det gjeld jo litt generelt med programvare innanfor det kreative. Du får det du betaler for, stort sett, då.
I: Ja. Og så er det då … gjennom den skapande prosessen, og fordi elevane òg dokumenterer den skapande prosessen, at vi diskuterer og snakkar med KI, men at ein òg medvitent reflekterer sjølv over korleis eg bruker KI i kunstnarprosjektet mitt?
T: Som i all god dokumentasjon så er det berre å prøve å vere så spesifikk og open som mogleg. Det er ei god rettesnor. Men det kan kanskje faktisk vere enklare i ein samanheng der du bruker KI, fordi veldig mykje er jo dokumentert i feeden din, på ein måte. Det ligg implisitt i programma.
I: Ja.
T: Så det kan jo vere veldig lurt, når du dokumenterer prosess, aktivt å bruke den historikken som ligg i programmet. Og prøve å forklare til andre kva du tenkte då du prøvde å få til det du gjorde, og korleis det fungerte då.
I: Så ikkje legg heile ansvaret, eller den skapande prosessen, i hendene til KI, det er du som skal styre prosjektet vidare.
T: Ja.
I: Men ta heller og bruk det på ein kreativ og utforskande måte, som eit veldig spennande verktøy.
T: Ja, utforsk og sjå kor mange ulike måtar ein kan bruke det på. Det er jo spennande.
I: Ja. Det er moglegheiter og avgrensingar. Kan du ikkje no … For du er veldig glad i KI?
T: Eg er glad i KI, ja. Men eg er òg veldig oppteken av at vi skal få meir kunnskap. Det er viktig å ikkje setje seg på bakbeina fordi det påverkar oss så mykje. Vi har på ein måte eit ansvar, i alle fall vi som jobbar spesifikt med det her, med å setje oss inn i det og få meir kunnskap om det. Fordi å gjere det motsette er eigentleg på ein måte å overlate alt til teknologien.
I: Ja.
T: Mens det er vi menneska som må vere sentrale i denne prosessen her, skal det fungere bra. Fordi det er jo vi som skal setje premissane.
I: Ja. Så til elevane, når dei har høyrt denne episoden, viss vi skal samanfatte og litt sånn. Ok, vegen vidare, no skal de begynne å utforske kven de er som kunstnarar. Korleis er det de skaper? Kva er det viktig å tenke på?
T: Eg synest det er viktig å tore å vere utforskande, og tore å sjå moglegheiter. Og tenke på ulike måtar som eg kan bruke det på, anna enn at det berre skal skape eit bilete. Tørre å pushe oss sjølve litt der. Og så er det å vere litt kritiske til kva det er vi får servert også? Kva er kjeldene her? Kva er det vi kan … Så viss du har ei veldig bevisst haldning til kva du ønsker av teknologien, så er det eit veldig godt utgangspunkt.
I: Ja. Det har vore superspennande å prate med deg.
T: I like måte.
I: Eg har lært masse. Eg håper de har lært masse og kjenner dykk inspirerte til å ta fatt på KI og kunstprosjekta dykkar. Lykke til, og takk for praten!
T: Jo, i like måte.
I: Men kva tenker elevane sjølve om dette temaet? Vi har snakka med elevane på KDA, og her er refleksjonane deira.
I: Kva tenker de om å bruke KI i skapande prosessar?
E1: Altså det er jo veldig bra inspirasjon, og så er det jo veldig lett å bruke. Du skriv berre inn akkurat det du vil ha, og så får du det. Og så er det òg veldig greitt når du redigerer bilete, då kan du markere område du ikkje vil ha, og plassere inn noko heilt anna.
E2: Ja, eg òg tenker på inspirasjonsprosessen, så det er veldig fint. Fordi viss du har ein idé, men du er litt usikker på korleis du skal angripe det, så kan du berre skrive ei setning eller noko, og så får du på ein måte … Du får sett det for deg på ein annan måte. Og då kan du jo lage noko ut frå idéen som kunstig intelligens gir deg.
I: Så de tenker at det er greitt å bruke KI-generert innhald som inspirasjon, då?
E2: Som inspirasjon, ja.
E1: Ja, berre inspirasjon.
E2: Ja, for vi har jo ikkje … Det er jo veldig nytt for oss òg, men det er eit veldig kult verktøy. Og viss du lærer å bruke det rett, så kan det bli veldig bra.
I: Er det viktigare for kunstnarar i dag å dokumentere prosessen sin, nettopp for å unngå at det blir stempla som KI viss det ikkje er det?
E2: Ja, vi går jo kunst på vidaregåande, så ein stor del av det vi gjer, det er jo sjølve prosessen. Vi bruker mykje tid på å planlegge og forklare kva vi gjer, og kvifor vi gjer det. Så eg trur det er veldig naturleg for oss allereie, at vi skal forklare kvifor vi gjer det og ha ei hensikt bak det.
E3: Eg trur det blir viktigare å dokumentere prosessen sin endå meir grundig når du bruker KI, for å vise “nøyaktig her har eg brukt KI, men dette har eg gjort sjølv. Og dette er på ein måte kvifor eg har brukt KI.” Fordi det å dokumentere ein kunstnarisk prosess er jo viktig, for då kan dei som ser på dette, skjønne kva du har tenkt og har gjort. Når du då bruker KI, så synest eg det er viktig å få vist nøyaktig kvar og kvifor.
I: Har de nokre tankar om at det for tidleg i prosessen kan bli for perfekt, så ein blir blind på det ein har sett allereie?
E4: Med erfaringa mi ville eg eigentleg sagt nei, berre fordi eg kjenner ikkje at eg får så bra idéar frå KI.
E5: Nei, eg trur ikkje det er bra som det første steget, som idéen. Eg trur det bør komme frå deg sjølv for at du skal kunne kalle det ditt eige. At du ikkje får eit computergenerert bilete på kva du bør gjere, og så berre omarbeider du den idéen. Så eg trur du bør starte med ein idé, og så kanskje heller bruke det som eit verktøy undervegs.
I: Tenker de at KI kan tilføre noko i ein kunstnarisk prosess?
E6: Til fargepalettar eller idémyldring så kan jo det vere ein veldig fin ting å bruke fordi du kan skrive inn ganske spesifikke ting, og det som kjem ut, kan vere veldig mykje forskjellig, og det kan få deg inn på andre tankeprosessar som du ikkje har hatt.
E7: Men når det gjeld sjølve produktet, og det du kom fram til, så vil eg seie at bruken av KI, eg skal ikkje kalle det juks, men det blir uekte. For det er gjerne dine tankar og idéen din som du skriv inn, men det som blir generert, er ikkje noko du har skapt. Så det tek deg vekk frå prosessen med å lære seg å lage kunst og å bli kunstnar. Det tek vekk verdien i å lære seg korleis ein gjer det, og korleis ein gjennomfører ein skapande prosess. For du slepp alle dei vanskelege stega, og du slepp heile opplæringsdelen.
I: Trur du at det kan bli ein mottrend? At det blir eit poeng å vise at dette er ekte?
E8: Kunst er jo veldig sånn … I alle fall no handlar det mykje meir om kontekst enn om estetikk. Kunst er ikkje kunst utan konteksten sin. Du kan ha ei slakta ku på eit slaktehus, og så har det ingenting å seie. Men viss du set det inn i eit galleri, så er det plutseleg kjempe-deep, sant? Og eg trur ikkje akkurat at KI har den eigenskapen.
Så eg trur at moderne kunst ikkje i like stor grad kan erstattast av KI. Men eg trur … Eg synest det finaste med kunsten er at det er så mange ulike tolkingar på det. Eg ser denne kunsten, og eg tenker dette, men kunstnaren tenker dette. Du mister veldig det med KI, synest eg. Men eg trur det kjem til å bli mykje viktigare å vise at eg har laga dette sjølv. Eg har faktisk brukt hendene mine. Eg trur det kjem til å bli viktigare for folk. Ja, det trur eg.