I: Intervju
C: Christian Scharning
---
I: Velkommen til Kunst i samfunnet, de kloke, spennande og nysgjerrige elevar som har valt å gå kunst, design og arkitekturlinje.
C: Lurt val.
I: Lurt val. Her sit vi i eit okergult studio, eg heiter Oda, og med meg har eg Christian Scharning.
C: Hallo.
I: Hallo, du er mellom anna regissør av den veldig populære og flotte NRK-serien Kunstnerliv.
C: Det er noko av det morosamaste eg har fått lov til å gjere i mitt liv, å grave fram dei beste historiene om dei mest interessante kunstnarane, liva deira og førebileta dei ser opp til.
I: Ikkje sant! Det er jo nokre skuldrer dei står på, då, frå tidlegare kunstnarar og kva dei uttrykker gjennom kunstnaruttrykka sine.
C: Ja, vi er veldig på jakt etter kunstnarar som vil noko med det dei held på med, som kanskje risikerer noko. Det gjer at det er lettare å hekte seg på kunstnarskapen. Mange er gode kunstnarar, lagar visuell, vakker og flott kunst, men det er ekstra spennande med dei kunstnarane som går litt djupare, og som har lyst til å kommentere både tida vi lever i, men òg sitt eige liv.
I: Rett og slett at dei tek tempen på samfunnet?
C: I beste fall liker eg å seie at kunst er ein spegel på kva det vil seie å vere menneske, på kulturen vår. Kven er vi, kvar er vi akkurat no, kvar er vi på veg, kvar kjem vi frå? Og når ein ser inn i den spegelen, med den beste kunsten, så lærer ein masse om kva det vil seie å vere menneske. Og det er ein heilt majestetisk ting, fordi ein kan jo høyre uendeleg med podkastar eller lese nettaviser eller sjå tv-program. Men når det er ordlaust, som ofte kunst er, så er det jo det visuelle, at det kan seie noko kanskje djupare, fordi du startar ein dialog med deg sjølv gjennom å bruke auga og sjå.
I: Ja. Har du ein sånn augeblink sjølv av ein kunstnar eller eit verk som har sett ein liten støkk i deg?
C: Å, kor lang tid har vi? Veldig mange. Men eg kan nemne ein amerikansk kunstnar som ikkje er så veldig kjend, som heiter Laurel Nakadate. Ho har eit prosjekt som heiter 365 Days: A Catalogue of Tears. Det er rett og slett at ho kvar einast dag, gjennom eit heilt år, får seg sjølv til å gråte og tek eit bilete av det. Når du går inn i utstillinga, ser du 365 bilete av eit menneske som grin. Ho gjorde dette som eit motsvar til sosiale medium, der alle viser den perfekte sida av livet, der alle smiler og alle er glade. Så møter du sånn, wow, 365 augeblinkar av smerte, på ein eller annan måte. Det tårer stort sett kjem frå, smerte, sorg. Ein utruleg mektig måte å seie noko om ein kultur som er ganske overfladisk på, gjennom å gjere det motsette.
I: Det er jo der de er, i TikTok, Snapchat og digitale medium-verda.
C: Eg tenker at det går det an å leike masse med i kunst, fordi det er ein så utruleg stor del av kvardagen til absolutt alle. Eg tenker ofte at når ein seier sånn: "Kunst skal handle om noko”, så kan ein gjere det veldig stort, det skal handle om demokrati, eller det skal handle om EU eller Brexit, men det går an å ta det mykje lenger ned òg, og at det likevel handlar om noko større.
I: Ja, for det er det som kjem til å vere oppgåva dykkar no, i det første året på vidaregåande når de skal arbeide med kunsten. Det er å oppdage og på ein måte analysere kva kunsten er for deg, og korleis du kan bruke kunsten til å uttrykke ditt indre liv eller den bobla du er i.
C: Og då trur eg at skal du greie å seie noko som gjeld fleire, så må du oppriktig vite kven du er. Kva er din posisjon, kvar er det du snakkar frå? For viss du jåler deg til eller prøver å seie noko om kva det vil seie å vere flyktning, men aldri har hatt den erfaringa sjølv, så trur eg ikkje du greier å lage kunst som verkeleg rører. Men du kan likevel, viss du kjenner at: "Åh, dette brenn eg for!" Då er det ein veldig god stad å starte. For då har du tenkt nokre tankar som har ført deg fram til at du brenn for det. Og kva du vil seie.
Og så, sjølvsagt, all god kunst er godt handverk. Du slepp liksom ikkje unna at du må kunne teikne eller bygge noko eller kva medium du no held på med. Og så bruke det. For er det berre rein estetikk, så kan det fort bli litt kjedeleg, litt banalt, ikkje så interessant for andre, sjølv om ein kan sjå at det var flott teikna. Men viss du bruker handverket til å seie noko, til å risikere noko … La det vere litt farleg, kanskje tørre å drite deg litt ut, gå over nokre grenser. Då kan det bli superpotent. For det er først då folk begynner å tenke når dei ser det, og ikkje berre seier: "Åh, vakkert bilete”. Men refleksjonane liksom berre oser ut av lerretet viss du treffer eit tema som er viktig for deg, og mest sannsynleg viktig for mange andre òg.
I: Ikkje sant! Rett og slett kommunisere gjennom kunsten.
C: Ja.
I: Det er kjempespennande. Men når dei no skal starte med kunstarbeid og utforske kunsten, kvar skal dei starte for å setje kunsten i eit samfunnsperspektiv? Korleis kan til dømes kunsten ta opp eit samfunnsaktuelt tema?
C: Det er på veldig mange måtar. Men igjen: Kva engasjerer deg? Det er mykje kunst for tida som handlar om identitet. Ein kan på ein måte seie at ein nesten er heldig viss ein kjem frå eit minoritetsperspektiv, for der er det meir motstand. Det er mange samiske kunstnarar no som lagar superpotent kunst, som handlar om korleis vi i Noreg eigentleg har vore ei kolonimakt. Berre at i motsetning til dei andre landa så har vi drege nordover i staden for å dra sørover, som dei andre europeiske landa gjorde.
På Nasjonalmuseet heng det til dømes eit heilt vanvettig veggteppe i det du går inn, av den samiske kunstnaren Máret Ánne Sara. Det er eit teppe laga av reinhovudskallar, og det ser utruleg slåande visuelt vakkert ut. Du berre sånn: "Å, for eit nydeleg teppe!" Og så går du nærare, og så berre: "Oi, det er jo hovudskallar." Og så går du endå nærare, så ser du at kvar og ein av dei har eit kulehol i panna. Dette er kommentaren hennar. Familien hennar, som er reindriftssamar, måtte tvangsslakte store delar av reinflokken og dermed miste livsgrunnlaget som urfolk, det dei har levd av gjennom generasjonar, på grunn av at staten meiner at "så mange rein kan ikkje de ha". Litt komplisert bakteppe, men når eg ser det teppet henge der, så får eg ein sånn: "Åh, herregud, det handlar om liv og død!" For det kan høyrast utruleg kjedeleg ut med reintal og så og så mange i flokken, og kor stort beite er ditt og den sitt, men når du ser det, er det alvor. Du skjønner med ein gong at dette er viktig. Dette handlar om leve eller døy for den familien.
I: Ja.
C: Så ved å ta det som er rundt deg, det som er viktig for deg, og finne ut: "Korleis kan eg kommunisere det effektivt ut?" Det er i alle fall eit døme, men så er det jo òg … Altså, identitetskamp er òg ein stor del av samfunnet vårt. Kor feminin kan eg få lov å vere som mann, kor maskulin kan du få lov å vere, kan vi vere nokon stad imellom? Å undersøke desse tinga er det veldig mange kunstnarar som gjer. Eg trur at kunstnarar, og sikkert de som har begynt på vidaregåande og valt denne linja, evner å sjå menneske og situasjonar og verda rundt med litt opnarar auge, og bruke dei og fortelje korleis det er å vere dykk akkurat no. For det veit jo ikkje eg, men eg kan lære noko av det når eg ser kunsten dykkar.
I: Ja, det er eit utruleg fint syn og fin verdi du gir kunsten. Nettopp at de kan kommunisere og lære bort gjennom å skape eit avtrykk av ditt liv i akkurat den tida du lever i no.
C: Kunst er kjempeviktig, verkeleg. Det er limet i eit samfunn. Viss vi berre lever og ikkje fortolkar det vi held på med, så stoppar vi berre opp. Eg føler at eg er veldig i kontakt med kunst, at eg lærer noko om meg sjølv og får nye tankar i hovudet som gjer at eg plutseleg tek nye val i livet. Så det er kjempespennande. Og særleg fordi det ikkje har det verbale språket, at det er noko eg ser med auga, som eg må fordøye, som eg må prosessere i meg sjølv, før eg kan lande inntrykket.
I: Neste spørsmål var korleis kunsten kan utforske samfunnsaktuelle tema. Eller undersøke, og det er jo eigentleg litt det du òg seier no.
C: Godt ord, då. Undersøke. For det kan jo vere ei sånn stor oppgåve: "No skal eg seie noko sånn viktig og samfunnsaktuelt”, men i det du berre undersøker noko, nærmar deg noko med nysgjerrigheit, du treng ikkje å ha svaret klart, så skjer det likevel noko i den som betraktar. For ein kjenner den utforskinga, særleg viss ein risikerer noko, tør å gå litt lenger. Ver litt avslørande overfor deg sjølv og dei meiningane du måtte ha, ikkje prøv å likne på alle andre, for då blir det fort kjedeleg. Så berre kjenn etter, alle har noko dei kan kommunisere om det å leve eit liv. Kva er urkjensla som ligg bak eit tema? Fordi ein kan tenke “rasisme skal eg lage noko om”. Men kva handlar rasisme om? Det handlar om fordommar, det handlar om utanforskap, det handlar om å setje nokon ved sida av oss andre. Og viss ein liksom går bakanfor, då får du andre ord som kanskje gir ei lettare tilnærming til nettopp rasisme.
Du har ein kunstnar som Sandra Mujinga, som er fødd og oppvaksen i Kongo, men flytter til Noreg mens ho er ung. Så ho har ein fleirkulturell bakgrunn. Og som eit veldig mørkt barn i Noreg har ho kjent på masse greier. Og det kjem veldig til uttrykk i kunsten hennar gjennom at ho utforskar synlegheit. Ho har heile tida følt at når ho sit og ser heilt annleis ut enn alle … Altså det er 23 like barn og eit barn som ser annleis ut, så har ho kjent på det heile livet. Ikkje nødvendigvis at folk har ønskt å opptre rasistisk overfor henne, men ho har heile tida kjent på denne utanforskapen av å vere så synleg.
Ho har mellom anna ein fantastisk, kjempestor videoinstallasjon der ho er ein elefant som på ein måte er så stor at ho blir usynleg gjennom å vere så stor. Og andre verk som leikar med green screen-teknologi, der ho forsvinn inn og ut av mørket og leikar med det og liksom får lov til ikkje å vere så synleg. Så igjen, det er mange vegar rundt eit tema, men det handlar mykje om urkjenslene som ligg bakanfor dei, trur eg. At det er ein lettare måte å starte på.
I: Ja, nettopp det der, når de skal gyve laus på ei ny oppgåve og skal beskrive eit kunstverk eller ein kunstnar, eit kunstnarliv og kva det er dei prøver å uttrykke. At de nettopp då tek dette steget tilbake og ser det store biletet. Og så begynner å leite etter kva det er gjennom dette verket eller streken eller filmen denne kunstnaren eigentleg prøver å fortelje meg eller roper ut eller er sint eller frustrert for eller elskar.
C: Ofte er det litt komisk at det går an å lese veldig mykje inn i kunsten, så ofte kjem eg og seier: "Wow, du har laga om det og det", "Ja, kanskje eg har det, ja." For ein gjer mykje intuitivt òg. Ein må ikkje overtenke absolutt alt ein skal gjere, mykje berre skjer og oppstår. Mens du har jo med deg heile historia di sånn at det blir liggande der på ein eller annan måte likevel. Eg trur ikkje kvart verk skal vere ei sånn temaoppgåve, då trur eg at du … Då kan det fort bli litt kjedeleg og repetitiv kunst.
Dei aller fleste kunstnarane eg intervjuar, har jo levd eit liv, som alle menneske. Og så har dei utforska og gått djupt inn i nokre tema som på ein eller annan måte har prega dei, noko dei heng litt fast i, ikkje blir heilt ferdige med. Og gjennom at dei har lese og tenkt og snakka om desse temaa, så ligg det i kunstnarbanken deira sånn at det kjem litt av seg sjølv etter kvart. For dei færraste har jo eit verk om demokrati, eit verk om rasisme, eit verk om identitet, eit verk ... Nei, det er noko du brenn for. Utforsk det, les, lær, snakk! Og så: lag. Stol litt på intuisjonen din når du først set i gang. Den beste kunsten oppstår ved at ein er i ein slags flyt.
I: Ja, flytsona, rett og slett. Har du nokre gode råd eller erfaringar med korleis dei kan komme i gang med å sjå og legge merke til kunsten i samfunnet i tida?
C: Sjå kunst. Bur du ein stad som er langt unna store kunstinstitusjonar, så sjå Kunstnerliv på NRK. Men utset deg for mykje kunst. Gå saman med nokon du liker å snakke med, og stopp framfor dei verka som rører deg, og snakk om kvifor. Kva er det som går føre seg i det lerretet eller den installasjonen eller den filmen som gjer at her ville eg stoppe? Det er spennande å utforske, kva er det? For god kunst stoppar tida litt, og annan kunst kjem ein jo berre forbi. Og så er det veldig viktig å seie at ofte er folk sånn "Å gå på museum, det er sånn åh, eg må ta inn kvart bilete!" Nei, nei, nei, berre, herregud, ta på deg rulleskøyter eller skateboard og berre sus gjennom. Men stopp der du får lyst til å stoppe. Det er ikkje sånn at kvart einaste verk snakkar til alle i det heile. Men det å sjå mykje kunst og tore å snakke om det, tore å setje ord på kva det er som beveger ein, då trur eg du lærer ganske mykje.
I: Ja, eg får sånn bilete av ein ungdom på rulleskøyter gjennom Nasjonalmuseet, kanskje som ein motreaksjon mot at kunst har blitt litt sånn opphøgd. Han skal vere jålete, du må ha lese masse kunsthistorie for å forstå kunsten. Men at du nettopp då gjer det motsette og rullar gjennom han, og så kan du heller stoppe når det er noko som snakkar ordentleg til deg.
C: Det trur eg er måten å ha det gøy på mens du er på eit museum, fordi kunst er jo alvor, men det er òg berre kunst.
I: Ja, og leikent, tenker eg.
C: Ofte leikent. Ikkje alltid, men det bør ha tillate seg å ha det elementet òg, då.
I: Ja, så tenk at de har på dykk rulleskøyter neste gong de går på ei utstilling. Det er jo eit herleg bilete i seg sjølv.
C: Einig.
I: Når vi då har på oss desse rulleskøytene og skal dra på eit galleri eller eit museum og sjå på kunsten ... Det kan hende at du går der, og så er det ingenting du liker ved første augekast. Og så kan det hende at viss du blir eit år eldre og kjem tilbake igjen, så er det kanskje nettopp det du legg merke til.
C: Det er mykje kunst eg har brukt lang tid på å like, og så synest eg ofte at det er så interessant dei gongene eg tenker: "Åh, dette gir meg ingenting, dette ser heilt forferdeleg ut, for ei utstilling”, men så, vent litt, kvifor synest eg det? Kva er det det treffer i meg som gjer at eg får sånn antipati og motstand mot det? Det er ofte vel så interessant som den kunsten som berre er sånn: "Ah, det likte eg så godt!" Så ofte, kanskje tredje gong du ser det, så blir du litt sånn “ja, men no var det jo litt kjedeleg”. Det er jo i den motstanden, å tore å vere litt i han, og at god kunst må ikkje nødvendigvis vere glasur på kaka eller herlege glansbilete. Det kan vere vondt, ubehageleg, ekkelt. Så å tenke over: "Kvifor liker eg det ikkje?" er spennande.
I: Ja, det er fint det du seier, med å tore å stå litt i det ubehaget.
C: Kunsten seier ofte noko om kven du er og kvar du er i livet, fordi kunst som eg synest var … Då eg var 16 år, elska eg Salvador Dalí, som er ein surrealist. Eg skjønte berre ingenting, og verkelegheita berre smelta saman når eg såg på dei bileta, og eg tenkte: "Wow, dette har eg aldri opplevd før!" Men når eg ser det no, så er det sånn “Jøss, greidde eg å få så mykje ut av det". Det har gått nokre år, då.
Så ein beveger seg, men eg trur jo at kunst, det du liker, er med på å seie noko om deg. Kva du blir trekt mot, avslører deg. Men kvifor skal vi vere så redde for å avsløre oss? Eg føler at unge menneske i dag er mykje meir opne enn folk var då eg var på same alder, og det tenker eg er veldig sunt. Sånn at berre kom med det som du synest er fascinerande på ein god måte, dårleg måte, vond måte. Det er ikkje den eine eller andre vegen inn, det handlar berre om at du blir trekt mot det.
I: Ja, og hald fram med å vere opne og nysgjerrige. Det treng vi jo nettopp for å kunne setje eit ekte avtrykk og ikkje berre avsløre deg sjølv, men avsløre tida vi lever i òg, samfunnet, politikken, menneska, haldningane, fordommane, som du sa, at de blir jo den neste generasjonen som skal bruke kunsten til å forklare vår tid.
C: Og ikkje ver gjerrige med kvarandre. Ikkje ver sånn at nokon har laga noko, og så seier ein: "Det likte eg ikkje, det gav meg ingenting”. Prøv å … Kva er det vedkommande har prøvd å få til? Det skulle jo berre mangle, når ein er 16 år, at ein kanskje ikkje lagar eit meisterverk som absolutt alle berre “Ja, halleluja!" Men prøv å setje det … Kva har ein prøvd å få til? Og så kan ein snakke om det. At det ikkje berre skal vere eit sånt liker / liker ikkje. For det er mykje som går føre seg der, og eg synest jo …
Eg var på ei utstilling på Astrup Fearnley Museet no, med Leonard Rickhard, som er veldig stringent og stram, og bilete som nesten er som matematikk, og eg kjende så utruleg ubehag då eg gjekk rundt der, for det er på mange måtar det motsette av Salvador Dalí og surrealisme. Og då kjende eg at dette var for strengt for meg, men eg syntest jo uansett at det var ei kjempeinteressant erfaring. Så er det ikkje sånn at eg treng å sjå veldig mange fleire utstillingar av denne kunstnaren, men då har eg likevel hatt ein spennande dialog med meg sjølv. Så tillat dykk … Ja, ikkje ver gjerrige, ikkje ta sånn “like” opp eller ned, men berre sjå kva ein har prøvd på. For det er der ein kan vekse, det er der ein kan reise vidare, det er der ein kan lage noko heilt fantastisk ein annan gong .
I: Ja, eg liker veldig godt det der med at vi kan tore å avsløre oss sjølve litt meir, men òg få lov til å bli kjende med kvarandre. No er de 16, og så skal de gå tre år på denne linja. Gå tilbake igjen til det du laga for tre år sidan, og så sjå kvar du er no, og på heile denne reisa med all den kunsten du har fordjupa deg i og sett, som har gripe deg, provosert deg eller gledd deg, og bruk det.
C: Og aldri kast noko. Eg meiner det, for det er så lett å bli misfornøgd og berre: "Åh, herregud, laga eg dette, så pinleg!" Eg lover deg at om ti år så blir det sånn: "Wow, laga eg det der!" Fordi hovudet forandrar seg, og alle forsøk er på ein måte interessante, så ikkje gjer deg til ein sånn streng dommar. No er de på skule, de er i ei trygg sone, utforsk, ha det gøy, tør å drite dykk ut, risiker! All god kunst, som eg har sagt tidlegare, risikerer noko. At du går ein stad der det er litt utrygt å vere. Kanskje kjem folk til å tenke litt rart om deg etterpå, men så bra, då! Då har det jo skjedd noko inni dei då dei såg på verket ditt.
I: Ok, Christian, så viss vi då skal slå ring om denne samtalen og samanfatte: Kva er det viktigaste elevane tek med seg no når dei skal inn og ut i kunsten?
C: Det er å bli kjend med deg sjølv og samfunnet rundt, fordi då kan du seie noko. Så skru på hovudet, sjå mange ting, snakk med menneske, og kjenn kvar du har lyst til å gå etter det. Ikkje berre ver inni di eiga boble og hald på med éin ting. Det har de sikkert gjort på ungdomsskulen, og det er heilt i orden, fordi det er sånn ein oppdagar sin eigen kreativitet, men det er jo nettopp ved å dytte seg sjølv litt, teste nye ting, og risiker, risiker, risiker! Då blir det bra. Og igjen, ikkje kast. Ikkje kast!
I: Ikkje kast.
C: Alle forsøk er interessante.
I: Ja, og det seier noko om kvar du er, rett og slett.
C: Eller kvar du var.
I: Eller kvar du var, ja. Tusen takk for ein skikkeleg inspirerande og gøyal prat om kunst. Eg skulle ønske det var eg som sat der.
C: Takk for at eg fekk komme og lire av meg.