I: Intervju.
B: Birgitte Mandelid.
(Jingle)
I: I denne episoden skal vi snakke om situasjonsanalyse med Øyafestivalen som døme, og eg har med meg Birgitte Mandelid frå Øyafestivalen til å gjere nettopp dette. Birgitte, kan du gi oss nokon døme på ulike forhold som er relevante i ein situasjonsanalyse for Øyafestivalen?
B: Viss vi ser på oss sjølve og begynner med styrkesida, det er det mest hyggelege å gjere, så er vi jo ei sterk merkevare i det norske festivallandskapet. Vi er godt kjende og har høg tilfredsheit i tillegg til eit veldig lojalt publikum som kjem tilbake igjen og igjen, noko vi er super-takksame for. Men viss vi snur det på hovudet, ser vi med éin gong ei svakheit der, og det er at publikummet vårt er vakse samanlikna med mange andre publikum. Det gjer oss litt mindre interessante for sponsorar til dømes, som vender seg til eit ungt publikum. Vi har eigentleg gått den vegen opp i vårt eige hovud. Før var vi veldig opptekne av at vi ikkje måtte bli eldre, og at vi måtte få snittalderen ned. No, derimot, har vi landa på at vi heller vil ha eit veldig breitt publikum der fleire generasjonar i same familie gjerne kan gå på festival saman og finne noko å glede seg over. Så vi er veldig stolte over at vi både kan ha 16-åringar og 60-åringar på plass, og at dei begge har det supert. Så der har vi klart å snu det eg kanskje vil kalle ei svakheit til ein styrke for oss.
Det er jo mange ting vi ser på i den typen analyse, mellom anna korleis vi som festival-administrasjon skal stille oss til publikum, marknaden og kommunikasjonsarbeidet vårt når vi no sjølv har blitt eldre enn målgruppa vår. Dette gjeld dei fleste av oss, meg sjølv inkludert, og då er det viktig å finne dei unge folka som kan begynne sånn som vi ein gong begynte, og så jobbe seg inn i og oppover i systemet. Dei har ein heilt annan kompetanse både når det gjeld målgruppe, og kva som fungerer på digitale plattformer. Ei anna mogleg svakheit er jo at vi er ein ganske liten organisasjon. Vi er no elleve heiltidstilsette der kvar person har sitt område. Det betyr at når det gjeld marknadsføring, er eg ganske åleine. Eg har ein ekstern ressurs som kan hjelpe med digital annonsering og ein intern person eg kan få hjelp av når det røyner på, men i all hovudsak er det slik at viss eg ikkje følger godt nok med på trendar og tendensar, eller viss eg er sjuk, eller viss eg av ein eller annan grunn er borte frå jobb, så er det ingen som tek opp den jobben og gjer han i mitt fråvær. Dette gjeld alle område hos oss, for i ein så liten organisasjon må du eigentleg berre pelle deg på jobb for å få ting gjort. (latter)
I: Men opplevast det belastande?
B: Det gjer jo det til tider. Det gjer at det ofte blir ei stor opphoping av oppgåver viss ein til dømes har vore borte, har vore sjuk, vore på eit seminar eller har vore fråverande av andre grunnar. Men først og fremst er det jo ei svakheit for bedrifta meir enn for enkelmennesket. Utan akkurat den personen blir kanskje ikkje ting gjort, og det kan òg vere problematisk med kunnskapsoverføringa viss ein skal ha inn ein ny person. Det er kanskje litt drygt å seie, men han som er bookingsjef hos oss, pleier alltid å seie at det verste som kan skje festivalen, er viss han blir overkøyrd av trikken. Det er fordi han har brukt 25 år, som vi fyller i 2024, på å bygge opp relasjonar til agentar for å booke programmet. Det er altså så knytt til personen, at det nesten er umogeleg for ein annan person å gjere den oppgåva, i alle fall på same måten.
I: Kva ser du på i situasjonsanalysen som dei største truslane og dei største mogelegheitene for Øyafestivalen?
B: Vi kan starte med dei største truslane. Festivalen er jo veldig utsett for ver og vind, ting som eventuelt skjer i samfunnet rundt oss (latter) og eventuelle innskrenkingar i leigeavtalar eller vilkår vi har med styresmaktene. For å ta eit døme kan eg jo nemne det med veret. I fjor hamna vi midt i uveret Hans. Då hadde vi ein kombinasjon av eit litt svakare program på onsdagen, som er den første dagen i festivalen vår, og eit heilt elendig vervarsel (latter), som toppa seg då Raymond Johansen gjekk ut litt tidlegare i veka og bad folk om å halde seg heime og ikkje gå ut. Han oppmoda folk til ikkje å dra på kontoret og slike ting, og uveret toppa seg på den første festivaldagen vår.
I: Ja.
B: Dette var første dagen på 20 år vi ikkje hadde selt ut på førehand, og det blei òg ein dag då veldig mange av dei med billettar let vere å komme.
I: Ja, nettopp.
B: Så det var ganske glissent. Vi meiner jo at maskineriet vårt, som har eksistert i mange år, er til å stole på. Vi er vane med å ha så og så mange folk inne heile tida, men då såg vi verkeleg kor mykje veret kunne ha å seie for noko sånt.
I: No snakkar du om veret som ein trussel, men det kan vel kanskje òg vere ei mogelegheit?
B: Ja, det kan det absolutt. Det er ingenting som er så bra for festivalar som skyfri himmel, sol og nokre og tjue grader. Då kjem folk tidlegare, og dei har betre opplevingar. Vi har i tillegg eit betre sal på alt vi tilbyr inne på området. Alt berre klaffar saman og løftar heile festivalen. Vi kan sjølvsagt ikkje bestille ver, men ver har vore ingrediensen i alle dei åra det har gått skikkeleg, skikkeleg, skikkeleg bra.
I: Den mogelegheita kjenner eg at eg har opplevd. Eg får gode minne i hovudet når du snakkar sånn som du gjer om veret på Øya. Er det andre mogelegheiter du kjem på?
B: Ja, no er det jo ein ung tilveksande generasjon av festivalgjengarar som eigentleg aldri har fått oppleve det ordentleg, men som no kan komme på festival og ha det skikkeleg gøy. Dei får oppleve mykje ulik musikk frå mange ulike land, og får òg med seg det vi har om litteratur, kunst og berekraft. I tillegg får dei ete god mat og rett og slett ha det fint saman sosialt. Det er jo i tillegg ein generasjon som på grunn av pandemien ikkje har fått dei opplevingane alle vi andre har, og som ikkje har dei assosiasjonane du akkurat nemnde til festival i godt ver. Så når dei no for alvor kjem på festival og blir nye, lojale publikumsgrupper, er det jo ei kjempestor mogelegheit.
I: Tusen hjarteleg takk, Birgitte Mandelid i Øyafestivalen.
B: Takk skal du ha.
(Jingle)