Deltakarar:Jonis Josef – programleiarJan Eivind Myhre – pensjonert professor i moderne historie
Den industrielle revolusjonen i Noreg
Programleiar: Hallo, alle saman. Eg heiter Jonis Josef, og i dag så skal vi snakke om ei historisk storhending som blir kalla for den industrielle revolusjonen. Veit du kva som skjedde då? Det einaste eg ser for meg når eg tenkjer på den industrielle revolusjonen, er fabrikkar, kol og barn i England som seier: «Excuse me, do you have a pound, please?»I dag skal eg prate med ein pensjonert professor som heiter Jan Eivind Myhre. Han kan fortelje at den industrielle revolusjonen var mykje meir enn det.Du høyrer på "Kva veit eg". Velkommen til deg, Jan Eivind Myhre.
JEM: Takk.
JEM: Kva er det du jobbar med?
JEM: Eg har vore professor i moderne historie ved Universitetet i Oslo. No er eg pensjonert, men eg driv på med historie framleis.
Programleiar: Moderne historie, kor moderne historie snakkar vi om då?
JEM: Moderne historie er gjerne tida etter omtrent 1800, frå og med den industrielle revolusjonen og den franske revolusjonen.
Programleiar: I dag skal vi snakke litt om den industrielle revolusjonen. Når var han?
JEM: Han byrja i England i andre halvdel av 1700-talet. I dei fleste land i Europa kom industrialiseringa i løpet av 1800-talet. I Noreg var det særleg frå 1840-åra og utover.
Programleiar: Kva var den industrielle revolusjonen?
JEM: Veldig enkelt sagt kan vi seie at den industrielle revolusjonen er overgangen frå menneske til maskin. Mens tidlegare produksjon hovudsakleg hadde skjedd ved hjelp av menneskekraft, tok maskinkraft over. Maskinkrafta trong kraft i form av vatn – altså vasskraft eller dampkraft. Det var dei første formene for kraft.
Programleiar: I dag er ein er redd for at robotar og teknologi skal ta over. Men vi har på ein måte vore gjennom den prosessen allereie?
JEM: Arbeidarane under den industrielle revolusjonen – spesielt i England – var redde for nettopp det. Dei tidlegaste maskinene var maskiner som spann, dei vov eller laga tråd til stoff. Tidlegare var det menneske som hadde gjort det ved hjelp av kvar sin rokk. Og så kom maskinene og tok arbeidet frå dei. Då protesterte arbeidarane på ein valdeleg måte og knuste maskiner. Maskinknusarane i England tidleg på 1800-talet blir kalla for luddittar. Dette rare namnet kjem av at ein av leiarane for maskinknusarane heitte Ned Ludd.
Programleiar: Det er veldig festleg. Så det var store opprør mot desse maskinene?
JEM: Eg veit ikkje om du kan snakke om store opprør, men det var i alle fall ein protest mot at maskinene tok arbeidet frå ein del, særleg spinnarar og vevarar.
Programleiar: Når vi snakkar om robotar i dag, så veit vi at dei på toppen ønsker å spare pengar og tene mest mogleg på det sjølve. Var det leiarane som tente mest på utviklinga under revolusjonen òg, eller vart heile samfunnet rikare?
JEM: Målet til dei som driv næringsverksemd, har som regel vore å tene pengar. Men det som gjekk tapt i første omgang – då nokre vevarar og spinnarar vart arbeidsledige – vart kompensert fordi det vart skapt nye arbeidsplassar i fabrikkane. På lang sikt gjekk heile samfunnet over frå å drive med primærproduksjon – altså jordbruk og så vidare – til produksjon og tertiærnæringar. Industrien og industrisamfunnet førte til at heile samfunnet vart mykje rikare. Det betydde at dei kunne bruke mykje meir pengar på å tilsette folk til å gjere andre ting enn å produsere. Derfor kan vi seie at arbeidsløysa i England ikkje vart større – snarare tvert imot.
Programleiar: Du seier at den industrielle revolusjonen starta i andre halvdel av 1700-talet. Når og korleis flytta han seg til Noreg?
JEM: I Noreg hadde vi eit par tidlege fabrikkar rundt 1814. Den eine, Mads Wiel, låg i Halden, og den andre vart stifta av haugianarar – du veit vekkingsrørsla til Hans Nielsen Hauge – som var busett i Solberg rett ved Drammen. Men desse fabrikkane fekk ikkje nok avsetning. Dei hadde ikkje nok folk som kunne ta vare på maskinene og så vidare, så dei blomstra ikkje.Men så byrja det for alvor i Noreg i 1840-åra. Vi kan nesten datere det til 1845. Skapingssoga for den norske industrialiseringa handlar om dei to kjøpmennene Knud Graah og Adam Hiorth, som møttest i ein spinnerihall i Manchester. Begge tenkte at vi måtte ha industri i Noreg. Og så drog dei heim og laga kvar sin fabrikk ved Akerselva på Sagene i Oslo.England, som var den første store industrinasjonen, hadde lenge eit forbod mot å eksportere maskiner fordi dei ville halde industrien for seg sjølv. Men i 1842 kjende dei seg overlegne; dei var så mykje rikare enn alle andre at forbodet vart oppheva. Då kunne maskinene deira blir importerte til Noreg. Det som skjedde, var at entreprenørane – altså dei som starta bedrifter i Noreg – importerte heile industripakkar. Det vil seie at dei ikkje berre importerte maskiner, men også fagfolk. I tillegg tok dei opp lån i utlandet. Så på ein måte kan vi seie at britane stod bak den første store industrien i Noreg. Den første store var tekstilindustrien med spinneri og veveri, til dømes ved Akerselva og i nærleiken av Bergen.
Programleiar: Kor kompliserte var desse maskinene? Var det noko nordmenn kunne ha laga sjølve, eller var dei avhengige av å få dei importerte frå England?
JEM: Eg trur dei første maskinene måtte importerast, men etter kvart fekk vi òg ein eigen heimelaga mekanisk industri med mekaniske verkstader og jernstøyperi og sånt. Fleire av dei ligg ved Akerselva, til dømes Myrens verkstad, som ligg litt oppe på Sagene. Denne verkstaden laga etter kvart eige maskineri – ikkje berre til tekstilindustrien, men også til skipsverft og andre typar industri. Vi hadde allereie tradisjon for jernverk og smedyrket i Noreg, og sjølv om nokon reiste til utlandet og lærte litt der, var maskineriet stort sett heimelaga av lokale geniusar. Dei som laga maskinene, vart kalla "mekanikus".
Programleiar: Det som er veldig fascinerande, er at alle dei store fabrikkane låg langs elvar fordi ein hadde fossefall der, og dermed moglegheit for å få kraft. Visste folk verdien av desse områda før den industrielle revolusjonen, eller vart det plutseleg ein stor etterspurnad etter dei?
JEM: Dei kjende til verdien av områda frå før, fordi det vart drive møller og sagverk før industrialiseringa – faktisk heilt frå 1300-talet. Vasskrafta vart brukt til kornmøller frå 1300-talet, og frå 1500-talet vart ho utnytta av sagbruk som skar opp tømmeret til plankar. Begge delar fanst ved Akerselva frå gammalt av.Programleiar: Kor fort spreidde dei nye fabrikkane seg etter at dei vart importerte til Noreg for første gong?
JEM: Dei spreidde seg ganske fort. Grunnindustriane var tekstilindustrien og jern- og metallindustrien. Det var ein økonomisk vekst gjennom heile 1800-talet som gjorde at folk fekk lyst og moglegheit til å kjøpe meir varer. Den økonomiske veksten skapte ein forbruksindustri, særleg i byane. Men også folk på landsbygda gjekk i stadig større grad over frå å vere sjølvforsynte til å kjøpe og selje meir. Vi fekk òg ein øl-industri. Den norske øl-industrien var faktisk så viktig at han dominerte den søramerikanske marknaden før han vart konkurrert ut av tyskarane. I tillegg hadde vi mange tobakksfabrikkar og fyrstikkfabrikkar og produksjon av småting. Men det er den store industrien på 1800-talet som hadde røter tilbake til sagbruka.På 1600–1700-talet måtte ein ha privilegium frå kongen for å starte store bedrifter. Det vart løyst opp på 1800-talet, men sagbruksprivilegia vart ikkje endeleg frigjorde før i 1860. Men i mange år på førehand visste ein at det ville skje, fordi Stortinget i 1854 vedtok at det skulle gjelde frå 1. januar 1860. Då stod folk i Fredrikstad – der det ikkje er fossar mellom Fredrikstad og Sarpsborg – klare med dampdrivne fabrikkar der dei skulle sage og høvle plank til eksport.
Programleiar: Så det norske folket vart naturleg nok rikare då?
JEM: Det var først og fremst eigarane som vart rike, men også andre. På den tida oppstod arbeidarrørsla, som kunne presse arbeidsgivarane til å gi betre vilkår, betre lønn, kortare arbeidstid, betre arbeidsforhold og så vidare. Det sørgde for at fortenesta vart betre fordelt.
Programleiar: Når eg tenker på den industrielle revolusjonen, ser eg for meg eit bilete av kol og forsøpling. Var det sånn?
JEM: I samband med den industrielle revolusjonen vart det brukt kol til å varme opp dampmaskiner. Det vart òg brukt kol til å varme opp hus og til å drive dampskip. Dampskipa hadde svære lager med kol om bord for å drive dampkjelane som dreiv skipet. Men fordi vi har så mykje fossekraft i Noreg, var det ikkje så mange dampmaskiner.I dag tenkjer vi gjerne at vi har elektrisiteten som kraft, men han er jo berre ei omgjering av anna kraft. I dag kjem krafta vår særleg frå fossekraft oppe frå fjella, og derfrå blir ho ført i lange leidningar ned til byar og andre stader. Tidlegare kunne ho òg lagast av kol. Det første elektrisitetsverket i Oslo var i drift frå 1892 og lyste opp heile byen med gatelykter. Det låg nede i Rosenkrantz' gate og hadde eit kolkraftverk. Bygningen står der framleis, men er ikkje i bruk som kolkraftverk.
Programleiar: Det er så fascinerande å gå gjennom byen og langs Akerselva og sjå restar av desse gamle tinga som har vore veldig viktige for oss. Er den industrielle revolusjonen det viktigaste som har skjedd i Noreg i moderne historie?
JEM: Ja, innanfor sitt felt. Den industrielle revolusjonen er på mange måtar sjølve den økonomiske utviklinga. Revolusjonen er det viktigaste sidan det som vart kalla jordbruksrevolusjonen, men det er tusenvis av år sidan. Då gjekk vi over frå å vere jegerar og sankarar til å bli bufaste jordbrukarar. Den industrielle revolusjonen går framleis føre seg.
Programleiar: Ja, du meiner det?
JEM: Ja, etter kvart vart maskinene betre, og krafta vart betre utnytta. Ein fann til dømes opp turbinar som gjorde at vasskrafta kunne utnyttast betre. På ein måte kan vi seie at digitaliseringa berre er eit nytt stadium i den industrielle revolusjonen.
Programleiar: Kvar er vi på veg – er vi på veg inn i eit samfunn der alt er effektivt? Målet er vel å skape eit meir effektivt og betre samfunn?
JEM: Det kan du seie, men som eg sa innleiingsvis, så trur eg ikkje at digitaliseringa nødvendigvis tek arbeidet frå folk – i alle fall ikkje på lengre sikt. Digitaliseringa gjer òg at produktiviteten aukar, slik at kvar person som produserer, kan produsere veldig mykje meir. Det gir oss råd til å tilsetje folk i jobbar som må gjerast fysisk. For det er trass alt mykje som framleis må gjerast fysisk.
Programleiar: Den industrielle revolusjonen spreidde seg frå England og kom etter kvart til Noreg. Men var det andre land, bortsett frå i Afrika og Sør-Amerika, som ikkje fekk vere med på denne revolusjonen, eller som kanskje tok aktive grep for ikkje å vere ein del av han?
JEM: I Aust-Europa var det adelen som herska, og rikdommen deira var basert på jordbruk. Dei herska over alt av store jordeigedommar. I det store riket Austerrike-Ungarn og andre stader var adelen veldig imot at landa skulle industrialiserast, men alle dei europeiske landa vart industrialiserte før eller sidan. Nokon vart industrialiserte veldig seint, til dømes Russland, Aust-Europa og til dels Sør-Europa: Spania, Portugal og Sør-Italia. Men alle dei andre landa vart industrialiserte, særleg på 1800-talet. England var først ute, og så kom Belgia og deler av Tyskland og Frankrike etter – særleg der dei hadde kol. Men mange av desse landa hadde ikkje vasskraft å snakke om. Noreg låg omtrent på midten blant dei vestlege landa og vart industrialisert omtrent samtidig som Sverige og Danmark.
Programleiar: Ok, no skal eg prøve å samanfatte dette: Den industrielle revolusjonen var noko som starta i England i andre halvdel av 1700-talet. Då byrja ein å bruke maskiner for å gjere det menneske tidlegare gjorde, gjerne innanfor tekstil og tilsvarande industriar. England tviheldt på innovasjonane ganske lenge, fram til 1840-åra. Då kjende dei at dei var så overlegne at det gjekk fint å dele maskinene med andre land. Den industrielle revolusjonen spreidde seg først til Belgia og så til delar av Tyskland og Frankrike. Til slutt kom revolusjonen til Noreg, først til Akerselva i Oslo. På Sagene vart det laga tekstilfabrikkar baserte på engelsk teknologi og med hjelp av engelskmenn. Dette spreidde seg veldig fort til andre delar av landet, og industrien blomstra opp og økonomien vart betre. Samtidig mista folk jobbane sine, men til gjengjeld dukka det opp veldig mange andre nye jobbar som på sikt har vore veldig bra for nasjonen vår.Du seier at vi er i ein konstant revolusjon, eller at vi er i ein industriell revolusjon framleis. Det skjer jo ting støtt og stadig som er med på å utvikle teknologien vidare. Digitaliseringa av arbeidsplassar og så vidare er òg ei form for industriell revolusjon. Har historia lært oss noko, så er det at utviklinga kjem til å avle fleire jobbar og skape eit meir produktivt samfunn der folk kan gjere nye ting. Var ikkje det ei god oppsummering?
JEM: Jo, eg synest det var ei utmerkt oppsummering.
Programleiar: Då seier eg tusen takk til deg, Jan Eivind Myhre.
Produsert av Både-og for NDLA