Programleiar: Namnet mitt er Andreas Veie-Rosvoll, og i dag skal det handle om å vere sikkerheitslærling i Securitas. Dei fleste har kanskje sett Securitas-vektarar ute i samfunnet og lurt på kva som krevst, kva slags trening ein må igjennom? Det har i alle fall eg. Dette og mykje meir skal vi no få svar på. Med meg har eg fagopplæringsleiar i Securitas, Tom Andersen, og Markus Os Andersen, som har vore sikkerheitslærling i Securitas. Velkomen til dykk begge!Først og fremst, Tom, kva er jobben din?
TA: Reint konkret er jobben min å ha personalansvar og oppfølgingsansvar for alle lærlingane til Securitas. Vi er såpass store at vi har registrert eit eige opplæringskontor, som eg er leiar for. Det eg gjer, er å følgje opp alle lærlingane fagleg, undervise dei og hjelpe dei fram til fagbrevet.
Programleiar: Tom, kvifor er lærlingane dykkar så viktige?
TA: Det viktige er at vi satsar på ungdommen. Dei er framtida, og dei fører med seg mykje ny kunnskap frå skulen og inn til oss. Det er òg aukande etterspurnad etter fagarbeidarar. Fleire og fleire av kundane våre seier at dei vil ha ein vektar som ikkje berre skal passe på bygget, men òg ha ansvar for evakuering ved brann, kameraovervaking og liknande.
Programleiar: Markus Os Andersen, du har vore sikkerheitslærling i Securitas. Korleis såg kvardagen din ut då?
MOA: Eg jobba på eit krevjande objekt i Oslo. Då gjorde vi alt frå opptak og kameraovervaking, innbrots- og brannalarmar til enkle oppgåver som produksjon av inngangskort.
Programleiar: Kva meiner du med "krevjande objekt"?
MOA: Eit stort geografisk objekt der vi brukte beina og ikkje bil eller sparkesykkel. Vi hadde kundar som forventa mykje av oss, og oppgåver som til tider ikkje låg under det ein vektar gjer. Vi var ein del av beredskapen på objektet.
Programleiar: Så du hadde mange ulike typar oppgåver?
MOA: Ja, absolutt.
Programleiar: Kva var den mest spennande delen av kvardagen som lærling?
MOA: Dei gongene det var utanom rutinane, var mest spennande – til dømes førstehjelpssituasjonar eller situasjonar med menneske i meir lukka miljø, slik som rus eller psykiatri.
Programleiar: Kva slags utfordringar prega den kvardagen?
MOA: Dei områda eg jobba i, hadde ein del vatn rundt. Så det var ein del nær-drukning-episodar, som både eg og dei tidlegare kollegaene mine har hindra. Ei anna utfordring var å snakke med menneske som ikkje var så vane med å snakke med oss. Der skal du jo vere hyggjeleg, men framleis bestemt, og du skal få igjennom saka di. Du skal få viljen din, sjølv om dei du snakkar med, skal føle at dei har hatt ei positiv oppleving.
Programleiar: Når Markus fortel dette, Tom, tenkjer eg at dette er ein allsidig jobb der du må gjere mykje ulikt. Kva er dei viktigaste eigenskapane for ein lærling i Securitas?
TA: Dei viktigaste eigenskapane for ein lærling i Securitas er at du er vaksen og har tenkt igjennom valet. Du tek ikkje fagbrev som vektar, du tek fagbrev i sikkerheitsfaget. Det betyr at du skal meistre mange teknikkar og mykje teori. Du lærer veldig mykje om deg sjølv, og du må vere trygg på deg sjølv i ulike situasjonar. Mykje kan vi jo trene deg opp i. Til sjuande og sist er det det du har mellom øyra, som eg plar seie, som reddar deg gjennom situasjonen.
Programleiar: Markus, kva gjer du i dag?
MOA: I dag jobbar eg på legevakta i Bergen. Eg fekk flytta over dit utan noko stort problem då eg ønskte å flytte til Bergen. Då må eg sørgje for sikkerheita til både pasientane og personalet – vere ansvarleg for evakuering ved brannalarm eller handtere utagerande personar fram til politiet skal kome og hjelpe oss. Men oppgåvene kan òg vere å roe ned eksempelvis ekstremt rusa personar som ikkje veit kvar dei er, og vil dra derfrå – å snakke roleg med dei om å bli, utan å måtte tvinge dei.
Programleiar: Kvifor gjekk du til Securitas?
MOA: Eg hadde nokre venner som òg hadde teke læretida i Securitas, og som var veldig nøgde med det. Så syntest eg det var veldig behageleg med den sikkerheita det gir å ha eit stort firma som er på landsbasis. Det har eg merka i ettertid, då eg valde å flytte internt i Securitas, at det var ein veldig mjuk overgang frå å jobbe i Oslo til å jobbe i Bergen, for du kjenner systema. Du veit korleis vegen går, og du kjenner til systemet frå Oslo, for det er ganske likt.
Programleiar: Tom, no har vi høyrt kva Markus driv med i dag. Kva slags andre jobbar kan lærlingane gå til?
TA: Vi plar seie at vi utdannar dei sikkerheitsleiarane framtida treng. Det er det vi vil. Under læretida går dei gjennom fire ulike tenester for å bli kjende med yrket. Det kan vere kjøpesentervakthald, mobil vektar som køyrer ute om natta og legg bygningar til ro, det kan vere stasjonærteneste der ein sit i ein resepsjon, eller andre kontrolltenester. Så ein kan velje kva ein vil i ettertid.
Programleiar: Å "leggje bygningar til ro" høyrdest poetisk og fint ut.
TA: Ja, vi kallar det det. Når personar reiser heim på kvelden og forlèt kontoret sitt, kjem vektaren til avtalt tid og går gjennom heile bygget. Dei sjekkar at alle kaffimaskinar og alt saman er i orden og avsluttar kanskje med å setje på innbrotsalarmen og låse alle dører. Då er bygget "lagt til ro", som vi kallar det.
Programleiar: Det var ei fin nemning. Kva slags tilbakemeldingar får du frå lærlingane dine?
TA: Tilbakemeldingane frå lærlingane er veldig positive. Mange lærlingar hos meg føler at det er litt annleis enn dei forventa. Dei kjem ut i det verkelege livet og skal hanskast med allslags personar i alle samfunnslag. Det er ein utfordrande jobb, og det krev mykje av dei. Men det er utelukkande positive tilbakemeldingar frå lærlingar.
Programleiar: Markus, korleis såg du eigentleg for deg at denne yrkesvegen skulle vere, og har du fått innfridd forventningane? På kva måtar har dei i så fall blitt innfridde?
MOA: Som Tom seier, ein får ein røyndomssjekk på kva som ventar ein som vektar. Eg har blitt positivt overraska over kor mykje forskjellig ein vektar gjer. Arbeidsoppgåva er ikkje berre å springe etter butikktjuvar. Det er ekstremt mykje meir.
Programleiar: Kva ønskjer du å gjere i framtida? No veit du at du har ein ganske fin jobb der du er, men har du noko ønske for framtida?
MOA: Eg ønskjer framleis å jobbe innanfor sikkerheit, for eg synest det å planleggje sikkerheit for bygg og arrangement høyrest ut som ein morosam jobb. Eg ønskjer å ta ein bachelor og eventuelt vidare utdanning innan dette, eller innan beredskap og krisehandtering.
Programleiar: Kva vil du seie er det viktigaste Securitas gjer, på landsbasis?
TA: Det aller viktigaste er at vi er ute og yter service til kundar. Arbeidsdagen til ein vektar er 99 prosent service. Det er sjeldan vi må inn og løyse opp i ein situasjon. Men vi er der ute, vi hjelper, vi viser oss fram, og tilbakemeldinga er at folk kjenner seg trygge når det står ein vektar med uniform i nærleiken. Vi supplerer politi og andre naudetatar ved at vi er til stades på private område.
Programleiar: Sånn cirka kor mange lærlingar har de inne kvart år?
TA: I år, per dags dato, har vi 147 lærlingar inne. I det største faget vårt, altså sikkerheitsfaget, har vi 139 lærlingar inne.
Programleiar: Markus, kva tenkjer du er det viktigaste du lærte i lærlingtida di?
MOA: Det er kombinasjonen av ny og gammal kunnskap. Du får mykje teori på lærlingsamlingane som Tom held, og så får du kunnskap frå vektarar som har vore ute lenge – spesielt om konflikthandtering. Så er det viktig å sjå ting i eit anna perspektiv – å prøve å sjå noko frå ulike vinklar, forstå situasjonen på ein annan måte.
Programleiar: Tom, eg vil ikkje beskrive meg sjølv som ein særleg tøff person. Kunne eg blitt sikkerheitslærling eller vektarlærling i Securitas?
TA: Utan tvil. Det som til sjuande og sist vil gjere arbeidsdagen din bra, er at du er fornuftig, at du bruker hovudet, og at du tenkjer gjennom situasjonen før du går inn i han. Eg har mange lærlingar som er jenter, som kanskje aldri hadde trudd at dei ville klare sikkerheitsfaget, men dei er nokre av dei flinkaste vektarane vi har ute.
Programleiar: Då veit eg at eg har ein plan B.
TA: Ja, du er hjarteleg velkomen.
Programleiar: Tom Andersen, fagopplæringsleiar i Securitas, og Markus Os Andersen, tidlegare sikkerheitslærling i Securitas. Tusen takk for at de begge kunne kome!
TA: Takk for at vi fekk lov til å kome.
MOA: Og takk for at vi blei inviterte!