Deltakarar:Berit Boman – programleiarAgnes Gulbrandsen: Agnes – frisør og stylistAnne Ødemark: Anne – blomedekoratørTorhild Rustenberg: Torhild – eksponeringsdesignar
Kva skal til for å bli frisør, blomedekoratør og eksponeringsdesignar?
Programleiar: Hei, eg heiter Berit Boman, og eg har med meg tre dyktige menneske som jobbar med akkurat det de kanskje vil bli. Eg skal snakke med ein frisør, ein blomedekoratør og ein eksponeringsdesignar om kva slags krav som blir stilt til dei som jobbar innanfor desse faggruppene.
Programleiar: Agnes Gulbrandsen, vi byrjar med deg. Du er frisør og stylist og driv fleire Gevir-salongar i Oslo. Dermed tilset du ofte frisørar. Kva er det første du ser etter hos dei du tilset?
Agnes – frisør og stylist: Når det gjeld personlegdom, må dei vere glade i menneske og sjølvsagt i venleik. Eg ser òg etter kreative, stødige, stabile og gode kollegaer – det er viktig å vere ein god kollega.
Programleiar: Anne Ødemark, du er blomedekoratør og jobbar hos Blomsterpikene på Løren i Oslo. De leverer blomar til alt frå store arrangement til daglege blomebehov og møter kundane i alle livsfasar – frå når dei er lykkelegast, til når dei har det vondast. Korleis utnyttar du den faglege kompetansen din, og korleis lærer de av kvarandre?
Anne – blomedekoratør: For det første er vi som jobbar med blomar, så heldige, for vi blir til tider så oppglødde for varene vi får inn. Det kan vere så vakkert at vi nesten ikkje får puste! Du kan byrje å grine av fargen på anemonen, og då har du sett i gang ein prosess som gjer at alle blir kjempeglade, og då kan vi lage noko fantastisk gøy. Vi jobbar jo med ting som er veldig i noet, og som ikkje held veldig lenge. Du får kjøpt eit lite underverk du kan ha i maksimum ei veke.
Programleiar: Då er det litt annleis for dykk, Agnes – for ein frisyre held seg litt lenger?
Agnes – frisør og stylist: Ja, det gjer han. Du må sjølvsagt vere veldig glad i venleik. Og så sa eg at ein er nøydd til å vere omgjengeleg. Du må ikkje vere omgjengeleg for å vere frisør, men du kan lære deg det som trengst for å vere yrkesprofesjonell. Du kan altså lære deg å vere omgjengeleg.
Programleiar: Torhild Rustenberg, du jobbar som kreativ leiar i InHouse Group, som er Noregs største leverandør av teppe på mål og tapet. Du er utdanna eksponeringsdesignar. Du jobbar ikkje nødvendigvis heilt som det, men du jobbar med stylistar og designarar i jobben din som visuell kommunikator, ikkje sant? Du jobbar både med leverandørar og kundar. Kva synest du er den viktigaste kvalifikasjonen ein bør ha for å jobbe som eksponeringsdesignar?
Torhild – eksponeringsdesignar: Ein må vere kreativ. Ein må vere flink til å ta og sjå på ting og ta det innover seg, for så å skape det på nytt på sin eigen måte. Ein treng å følgje med på trendar og rett og slett vere interessert i å sjå på fine ting.
Agnes – frisør og stylist: Det å ha god smak går igjen her ...
Torhild – eksponeringsdesignar: Ja, det er veldig viktig å ha god smak, og så kan jo smaken sjølvsagt diskuterast. Eg tenkjer at det er viktig at ein òg forstår og kan ta høgde for smaken til kunden, og at ein bruker fagkompetansen sin til å skape noko flott ut av han.
Programleiar: Då du valde å bli eksponeringsdesignar, kva for nokre av kvalifikasjonane dine tenkte du ville vere den viktigaste?
Torhild – eksponeringsdesignar: Det at ein er oppteken av det som er estetisk og fint, er veldig viktig. Samtidig er det viktig av at ein er "handy" og har ein "stayer"-evne, for det er ganske tungt til tider. Ein må kunne vere ein god prosjektleiar, for du skal til dømes hente inn mange ting som skal vere på den same staden på ein gong. Du må med andre ord kunne halde mange ballar i lufta og ha evna til å lande dei. Du må òg ha evna til å vere i ein kreativ prosess, som kan vere ganske krevjande til tider. Eg trur at alle som har vore i store kreative prosessar, kjenner til at det kan halde deg vaken om natta. Du må finne ein tryggleik i deg sjølv slik at du kan stå for meiningane dine med ei god magekjensle.
Programleiar: Du seier det er viktig med eigne meiningar, men kor mykje er det du skal kreere for kunden?
Torhild – eksponeringsdesignar: Kunden kjem sjølvsagt alltid først. Eg tenkjer at du bør prøve å finne din eigen signatur og din eigen stil på ting. Vidare må du lytte til kunden og sjå objektivt på saka. Og så kan du prøve å gjere det beste ut av det med dei evnene og den smaken som du sjølv har. Men du må setje deg sjølv til side og setje kunden først.
Programleiar: Når skjønte du at du hadde lyst til å jobbe med eksponeringsdesign?
Torhild – eksponeringsdesignar: Det fann eg ut etter at eg hadde jobba som ekstrahjelp i butikk ein periode. Då såg eg kor fort det gjekk an å gjere små visuelle endringar ...
Programleiar: Det var mens du studerte juss?
Torhild – eksponeringsdesignar: Ja, eg var først ekstrahjelp, og så hoppa eg faktisk av juss-studia og byrja å jobbe heiltid i butikk. Eg syntest at det var veldig gøy, både det å kunne jobbe praktisk og det å sjå korleis små endringar gjorde store utslag i salet. Når ein jobbar med eksponeringsdesign, er det sal som er det grunnleggjande for det ein gjer. Så ein må rett og slett like å selje varer.
Programleiar: Agnes, kor gammal var du då du fann ut at du skulle bli frisør?
Agnes – frisør og stylist: Fem år, seier mamma at eg var. Då sminka eg alle som var på min alder eller yngre. Så fort dei kom inn døra, var det hår og makeup og motevisningar.
Programleiar: Og kvar gjekk det derfrå?
Agnes – frisør og stylist: Eg fekk lov av mamma til å utvikle meg kreativt, så eg fekk hoppe i kleda og toalettmappa hennar. Eg såg ut som eit uvêr heilt fram til eg var 25! Eg har barbert av meg håret tre gonger, og eg har hatt "dreads" og blått og svart hår. Det har berre vore hår og makeup for meg heile vegen.
Programleiar: Anne, kor gammal var du då du fann ut at du skulle bli blomedekoratør?
Anne – blomedekoratør: Eg var fire år då eg kom heim til mamma og pappa og sa at eg skulle jobbe med blomar når eg vart stor. Undervegs har eg tenkt at eg skulle bli flyteknikar, men eg hadde flyskrekk, så det var jo heilt idiotisk. Det vart blomedekoratør. Eg var den einaste ungen i gata som fekk lov til å plukke blomane i hagen, for eg tok faktisk ikkje berre toppane på blomane, eg tok stilken òg. Ein dag kom eg heim til mamma med ein kjempefin bukett med masse kvite blomar. Det året fekk vi ingen jordbær ... Eg hadde plukka alle jordbærblomane! Eg hadde høyrt at vaksne av til å kunne gråte når dei var glade, men mamma gret ikkje av glede ... Sånne feil kan ein gjere når ein er fire år.
Programleiar: Du har jobba som blomedekoratør sidan 1997?
Anne – blomedekoratør: Ja, eg tok fagbrevet i 1997.
Programleiar: Kva er den viktigaste kunnskapen du bruker når du lagar fine dekorasjonar?
Anne – blomedekoratør: Den viktigaste kunnskapen er at eg sit på erfaring som gjer at det sjeldan kjem eit prosjekt som eg ikkje kan løyse. Dersom ein jobbar i ei bedrift med fleire tilsette og opplever å stå dønn fast, har ein heldigvis andre ein kan lene seg på. I tillegg til kunnskap er lidenskap for faget viktig, sånn at du har lyst til å løyse oppgåva på best mogleg måte og gi frå deg eit arbeid du er stolt av.
Programleiar: Torhild var vel så vidt inne på dette med eigen stil. Korleis er det som blomedekoratør – kan folk skjøne at det er du som har laga akkurat den og den oppsatsen?
Anne – blomedekoratør: Ja, eller kollegaene mine kan i alle fall som regel sjå kven som har laga bukettane – sjølv om ein har prøvd å etterlikne nokon andre. Det er vanskeleg å kopiere eit arbeid. Dersom det kjem ein kunde som seier "dette biletet liker eg, eg vil ha det sånn", er det vanskeleg å få til. Det kan til dømes hende at det ikkje er riktig veke, i den forstand at varene ikkje er tilgjengelege. Vi prøver alltid å informere kundane om at vi jobbar med levande ting, og at det gjer det vanskeleg å kopiere andre sitt arbeid. Det er jo eigentleg ikkje det vi gjer heller; vi set vårt eige preg på det og prøver samtidig å uttrykkje kunden gjennom vårt preg.
Programleiar: Torhild, du har jo ofte stylistar og eksponeringsdesignarar som jobbar for deg når du skal få laga ting. Kva er det viktigaste at dei kan?
Torhild – eksponeringsdesignar: Det er viktig for meg at dei set seg inn i dei produkta som dei skal jobbe med. Ein kan til dømes ta bilete av teppe på ein annan måte enn lamper. Når ein held på med fotostyling, må ein jobbe med vinklar. Det er òg viktig at dei er oppdaterte på trendar med tanke på kva slags foto eller utstillingar vi skal ha, og kva fargar vi skal jobbe med. Det er klart at vi kjem med premissar for jobben, men det er òg fint at dei kan spele vidare på dei, slik at dei kanskje kan gjere produktet endå betre enn det vi hadde tenkt sjølve.
Programleiar: Kor mykje konkurranse er det mellom eksponeringsdesignarar – med tanke på dei som jobbar sjølvstendig?
Torhild – eksponeringsdesignar: Eg trur det varierer veldig mellom miljø, men det er klart at det er nokre oppdrag som er meir tiltalande enn andre. Eg vil tru at det er kamp om ein del av desse jobbane, men konkurranse er jo òg noko som kan drive ein. Ein person som vil bli eksponeringsdesignar, bør ha ei viss mengde konkurranseinstinkt for å kunne prestere best mogleg.
Programleiar: Kva vil du seie om dette, Agnes? Jobbar ein i ein frisørsalong, skal ein ofte "grabbe" sine eigne kundar. Kor mykje konkurranseinstinkt må ein ha?
Agnes – frisør og stylist: Skal du lykkast, tene gode pengar og ha ein stor og god kundekrins som gir deg og salongen stabilitet, må du ha konkurranseinstinkt. Men idet du har etablert kundekrinsen din, har han gjerne kome for å bli. Kvart år fell det rett nok nokon frå, mens andre kjem til.
Programleiar: Kor viktig er det å vere ein lojal, snill, hyggjeleg og sosial person saman med dei andre frisørane? Og kor viktig er det å vere eit konkurransemenneske?
Agnes – frisør og stylist: Det er kjempeviktig å vere hyggjeleg og audmjuk. Er du ikkje ein god kollega, vil ein helst ikkje ha deg der. Eg har jobba i salongar der det har vore eit par stykke med spisse olbogar som har hatt kjempepotensial, men dei har ikkje kome så langt. Det er plass til mange i ein salong, du kan ha 20 frisørar med store, stabile kundekrinsar.
Programleiar: Anne, korleis er det med konkurranseinstinktet i blomedekorasjonsyrket?
Anne – blomedekoratør: Det er gjerne ikkje så mykje konkurranse internt i bedrifta. Det handlar meir om å konkurrere om dei attraktive kundane med blomedekoratørane i dei andre blomebutikkane. Vi konkurrerer jo om offentlege anbod innimellom, noko som er det kjedelegaste du kan gjere i heile verda. Det tek så lang tid, og dei er så vanskelege å få!
Programleiar: Kvifor det?
Anne – blomedekoratør: Det ligg nokre kriterium til grunn som vi sjølv ikkje styrer over. Vi kan gi eit veldig godt anbod, men vi får det ikkje nødvendigvis av den grunn. Når bedrifta får store oppdrag og får dekorere til dømes til store festar og sånt, skaper det så klart konkurranse internt. Det er dessutan veldig kjedeleg dersom vi har dekorert til den same festen tre år på rad, men så får vi han ikkje neste gong fordi nokon andre har kome med eit betre og kulare forslag og fått oppdraget. Då får vi prøve å ta det tilbake neste år eller finne ein ny kunde som vi kan gjere noko gøy saman med.
Programleiar: Har du eit døme på ein kunde som har kravd mykje av deg, og som har vist at du må ha ein del av eigenskapane som vi har snakka om?
Anne – blomedekoratør: For nokre år sidan hadde vi eit enormt arrangement over to dagar på tre lokasjonar med 1250 deltakarar. Det var eit sånt arrangement som du bruker eitt år på å planleggje. Ikkje minst er det eit stort budsjettarbeid. Du må brekke budsjettet ned til kvar minste detalj, for det skal gå opp med tanke på talet på timar ein er på jobb, når ein skal ha pausar og så vidare. Alt er planlagt ned til eit veldig detaljnivå, og dei som er på festen, aner ikkje kva som går føre seg i kulissane. Dei har ingen idé! Dei kjem til dekte bord: "Wow, her var det ein kul konsert. Her var det fantastisk mat. Her var det kul dekor." Dei aner ikkje kor utslitne vi er når det er ferdig. Men det er kanskje den beste kjensla i verda å flyge beina av seg og levere på marginar på 30 sekund når alt berre flyt som det skal.
Programleiar: Kvar får du mest vondt i kroppen når du jobbar som blomedekoratør?
Anne – blomedekoratør: I kjeven, skuldrene og beina, trur eg.
Programleiar : Agnes, kvar får du mest vondt?
Agnes – frisør og stylist: Dei fleste slit med armar, skuldrer og hofter.
Programleiar: I eksponeringsdesign er det vel ikkje sånn, for du sit og ...?
Torhild – eksponeringsdesignar: Ein løftar jo ein del, så eg tenkjer at eksponeringsdesignarar har nokre av dei same plagene som har vorte nemnde, eigentleg.
Programleiar: Agnes, har du nokon døme frå røynda som viser kva du kan møte i løpet av ein arbeidsdag, og som gjer at det er viktig å klare å takle menneske?
Agnes – frisør og stylist: Det finst det mange svar på. Du blir jo veldig godt kjend med kundekrinsen din. Kunden din kan vere gravid, ho kan ha mista nokon, det kan ha skjedd noko spennande eller vanskeleg og så vidare. Som frisør blir du jo litt hobbypsykolog òg, og det er veldig givande og veldig gøy. Men det er jo viktig å ikkje ta det heilt til seg, slik at ein klarer å halde ein viss avstand og vere profesjonell.
Programleiar: Kor mykje kan ein arbeidsdag variere frå kunde til kunde?
Agnes – frisør og stylist: Du kan ha den hyggjelegaste og søtaste kunden i verda i stolen som du berre elskar og få eit strålande resultat. Og plutseleg kjem ho inn, ho du har nedst på ønskelista di! Men idet du klarer å tilfredsstille ho, så er det òg veldig givande. Det er kjempegøy å tilfredsstille ein vanskeleg kundekrins fordi då veit du at du har gjort noko profesjonelt og noko bra. Ja, så arbeidsdagen kan variere ekstremt.
Programleiar: Kan eg få nokon samanfattande tankar: Kva krevst av deg dersom du vel å bli frisør, Agnes?
Agnes – frisør og stylist: Du må vere hardtarbeidande, glad i menneske, livleg og blid.
Programleiar: Kva slags yrke kan du gå inn i dersom du får til det?
Agnes – frisør og stylist: Dersom du liker venleik og ønskjer å utvikle deg, kan du gå i mange retningar. Du kan undervise, du kan jobbe med artistar, du kan stå i salong, og du kan drive dine eigne næringar. Du kan òg byrje å jobbe med leverandørar eller for leverandørar. Det er kjempegøy, og igjen, er du glad i menneske, har du ein utruleg givande jobb. Men du må klare å takle stress, for det kan vere veldig stressande. Men er du hardtarbeidande, klarer du som oftast å takle stresset.
Programleiar: Torhild, kven bør bli eksponeringsdesignar?
Torhild – eksponeringsdesignar: Dei som er glade i estetiske fag og at det ser fint ut. Dei er kreative og kanskje litt "handy", dei kan skru inn ein skrue og måle med ein pensel. Eg vil òg nemne hardtarbeidande, for eg tenkjer at det er kjempeviktig. Eg synest òg at ordet profesjonell er veldig viktig, sjølv om det sjølvsagt er noko ein tileignar seg etter kvart.
Programleiar: Du har utdanninga, men du bruker ho òg på andre måtar. Då finst det vel fleire moglege retningar etter utdanninga?
Torhild – eksponeringsdesignar: Absolutt. Eg gjer veldig mange ulike oppgåver i arbeidskvardagen min, og eg kan bruke utdanninga til så mykje. Vi lever jo i ein veldig visuell kvardag, så eg tenkjer at ein kan bruke eksponeringsdesign til alt – i det store og heile.
Programleiar: Anne, dersom eg vel å bli blomedekoratør – kva krevst det av meg då?
Anne – blomedekoratør: Du må vere hardtarbeidande. Du blir ikkje berre underhalden på jobben; du må jobbe for det, og då blir det jo strengt teke underhaldande. Du må òg kunne kome deg gjennom stress. Det går på minutt, og det går på halvtimar, og det går på timar – det er alltid nokre ting du skal levere på eit eller anna tidspunkt. Du må dessutan vere klar over at det er mykje flytting av bøtter med vatn. Du flyttar utruleg mange tonn vatn i løpet av livet! Men det er eit heilt fantastisk yrke. I tillegg gjer ein heilt vanlege ting, som å prise, vatne, koste, pakke opp potter når dei kjem inn, rydde, kaste søppel og vaske golv og vasar – altså heilt vanlege ting. Påskjønninga er at ein av og til får lage heilt ekstraordinære ting.
Programleiar: Tusen takk for at de kom! Då er det jo opp til dykk som studerer desse faga, å finne ut korleis de verkeleg blir gode, og korleis de får det bra på jobben saman med kundane deira kvar einaste dag.
Produsert av Både Og for NDLA