Hopp til innhald

Aronia

Aronia (svartsurbær) er mest kjend som ein prydbusk. Han tilhøyrer rosefamilien. Det er ein 1,5–3 m høg bladfellande busk med grøne, glinsande blad. Blomane er kvite med små raude prikkar inst på kronblada. Blomane kjem i mai–juni.
Aronia. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Seinare på sommaren kjem dei svarte bæra. Om hausten har busken vakre haustfargar. Dei dekorative bæra kan etast, og er fulle av antioksidantar. Dei vert derfor brukte i juice, vin, likør, saft, syltetøy eller som naturleg fargestoff.

Utbreiing

Aroniapai. Foto

Busken veks vilt i dei nordaustlege delane av Nord-Amerika. Aronia vert dyrka som prydbusk i tempererte strøk av verda. Planten vert òg dyrka på grunn av bæra, særleg i Aust-Europa og det tidlegare Sovjetsamveldet. Busken kan plantast ut i dei fleste typar jordsmonn, og krev lite næring. Han veks seint, og det vil ta nokre år før det kjem bær.

Næringsinnhald

Frukter av svartsurbær inneheld fargestoff som verkar som antioksidantar. Dei inneheld òg mykje vitamin, m.a. vitamin A, E og B2. Vidare finst det 20 gonger meir vitamin P (bioflavonoid) i svartsurbær enn i eple og appelsinar. Elles er det mykje av mineral og sporstoff som jern, jod og kalsium. Svartsurbær inneheld mykje pektin, slik at syltetøy og gelé ein lagar av bæra, lett vert stivt.

To flasker med aronia-juice. Foto.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Bruk

Aronia vert mest brukt til syltetøy, safting, gelé, til vin og likør. Bæra er også kjende for helseeffekten, og vert brukte i Aust-Europa, USA og Tyskland. I Russland er dei kjende for å verka inn på høgt blodtrykk og hudsjukdommar.

Norsk sesong

September–oktober.


CC BY-SASkrive av Anette Eikild Larsen.
Sist fagleg oppdatert 25.03.2020