Hopp til innhald

Asparges, kvit

Asparges er ein gammal kulturplante som er kjend heilt frå romartida. I dag blir han dyrka i Noreg og over heile verda. Det finst både kvit, lilla og grøn asparges.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Den kvite aspargesen blir dyrka verna og tildekt med jord i heile vekstperioden, og han blir hausta når spissen kjem opp til overflata. Tjukkleik og lengd kan variere noko frå land til land.

Kvit asparges i jorda. Foto.

Bruksområde

Krema aspargessuppe. Foto.

Kvit, lilla eller grøn asparges kan kokast og etast som forrett eller hovudrett. Asparges har svært aromatisk og fin smak og eignar seg derfor godt som tilbehøyr til steikt og røykt kjøt og i fiskeretter. Den nedste delen av stilken, ca. 1–2 cm, skal kuttast av før koking. Kvit og lilla asparges bør skrellast med potetskrellar nedst før bruk. Asparges må koke i 3–5 minutt avhengig av tjukkleiken. Det er ein fordel å bunte aspargesskota saman med hyssing under koking. Då er det lettare å halda dei heile.

Kvalitetskrav

Aspargesskota skal vere rette i forma og faste i konsistensen. Stilken skal vere saftfull, frisk og sprø, mens toppen skal vere tett og heil. Asparges skal ikkje vere treen eller ha mørke flekker. Kvit asparges kan ha eit skjær av ein lys lilla farge. Storleiken på aspargesen seier ikkje noko om kvaliteten på vara.

Næringsinnhald

Asparges er svært kalorifattig. Han inneheld noko kalsium, jern og fosfor i tillegg til A- og C-vitamin. Kvit asparges har mindre næringsverdi enn grøn. Asparges verkar .

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Hugselappen

Norsk sesong:

april–juni

Med andre ord:

latin: Asparagus album
engelsk: white asparagus
tysk: weißer Spargel
fransk: asperges blanches

Lagring:

2–4 °C. Asparges er ei utsett vare og må vernast mot direkte lufttrekk og lys. Blir den kvite aspargesen fuktig, mistar han den sprø konsistensen.

CC BY-SARettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 25.03.2020