Hopp til innhald

Brokkoli

Brokkoli er ein kålvariant som har vore kjend i middelhavsområdet i hundrevis av år. Brokkoli er ein nær slektning av blomkål.
Brokkoli. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Brokkoli består av fleire samansette stilkar som kvar har sine eigne blad og mørkegrøne blomsterknoppar. Han blir òg kalla aspargeskål fordi den milde, gode smaken minner om asparges. Brokkoli blir dyrka i Noreg.

Bruksområde

Brokkoli blir nytta som tilbehøyr til middagsretter. Han er god til både kjøt- og fiskeretter. Brokkoli kan også kuttast i små bukettar og nyttast til wok eller gratinert med ost og skinke. Den nedste delen av stilken kan med fordel skrellast og delast på langs for å redusere koketida. Vi koker brokkoli i lettsalta vatn i 8–12 minutt. La vatnet renne av før du serverer.

Kvalitetskrav

Brokkoli skal vere fast i konsistensen og friskt grøn å sjå til. Han skal ha sprø, saftige stilkar og blad. Knoppane skal vere av jamn, grøn farge. Dei skal vere lukka og ikkje ha synlege gule blomstrar eller teikn på misfarging.

Næringsinnhald

Brokkoli er rik på jern, A-vitamin og antioksidantar.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Hugselappen

Norsk sesong:

juni–oktober

Med andre ord:

latin: Brassica oleracea
engelsk: broccoli
tysk: Brokkoli
fransk: chou broccoli

Lagring:

0–2 °C. Blir brokkolien lagra i ideelt miljø, kan han halde i over to veker. Plastfilm rundt brokkolien vernar mot uttørking.

CC BY-SARettshavar: Opplysningskontoret for frukt og grønt
Sist fagleg oppdatert 25.03.2020