Hopp til innhald

Jordskokk

Jordskokk kjem opphavleg frå Nord-Amerika og kom til Europa på 1600-talet. Etter kvart tok ein til å dyrke han over store delar av Europa, også i Skandinavia.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Jordskokk var ei ganske utbreidd grønsak i Noreg før poteta kom. Poteta vart som kjent svært populær på 1800-talet, og jordskokken vart mindre vanleg.

Jordskokk er ein liten rotknoll som er hardfør og lett å dyrke. Han er knudrete og noko ujamn i fasongen, og han liknar litt på ingefær. Skalet er tynt og varierer frå gult til raudfiolett. Det sprø og saftige fruktkjøtet er kvitt eller lyst gult og har ein søt og delikat smak.

Bruksområde

Jordskokk kan nyttast rå i salatar og råkost. Skal vi nytte han rå, bør vi drype litt sitronsaft over straks etter skrelling, elles blir han svart. Han blir mest nytta kokt, som tilbehøyr til fjørfe eller anna kjøt. Jordskokken må børstast grundig og kokast med skalet på. Det tynne skalet er etande, men vanlegvis skreller vi jordskokken før servering. Han kan også nyttast til purear eller gratinerast.

Næringsinnhald

Jordskokk er kalorifattig. Han inneheld ikkje stive, men karbohydratet inulin. Inulin er eit karbohydrat som ikkje påverkar blodsukkernivået, og jordskokk kan derfor vere nyttig for diabetikarar. Jordskokk inneheld kalium, kalsium, fosfor, jern, natrium og noko C-vitamin.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Kvalitetskrav

Jordskokk skal vere heil og rik på saft og utan teikn til åtak av skadedyr. Han skal ikkje ha mjuke flekker eller mugg.

Hugselappen

Norsk sesong:

august–desember

Med andre ord:

latin: Helianthus tuberosus
engelsk: Jerusalem artichoke
tysk: Topinambur
fransk: topinambour

Lagring:

0–2 °C. Jordskokk kan lagrast i lang tid dersom han blir lagra kjølig, fuktig og mørkt.

CC BY-SASkrive av Opplysningskontoret for frukt og grønt.
Sist fagleg oppdatert 25.03.2020